Klubbrekord på 1500m
Det er ikkje kvar dag det blir sett nye klubbrekordar for seniorklassane i BUL, men laurdag 5. juli sprang Ibrahim Buras inn til ein knusande ny klubbrekord på 1500m under Czesław Cybulski Memorial i Polen! Tida vart 3.36,00, og Khalid Skah sin rekord på 3.38,10 frå 1992 er dermed sletta. Ibrahim persa med nesten 3 sekund, og legg seg inn som nr 6 på Norgesstatistikken gjennom alle tider, bak Jakob Ingebrigtsen, Narve Gilje Nordås, Filip og Henrik Ingebrigtsen, og Håkon Moe Berg. Me gratulerer!
3.36,00 var også kvalifiseringskravet til EM i Roma i 2024. Det blir derfor spennande å sjå om Ibrahim kan melda seg på i kampen om ein EM-plass inn mot den neste utgåva av meisterskapen, som blir arrangert i Birmingham i 2026.
.
BULs nye rekordhaldar på 1500m, Ibrahim Buras
Uttak til U23 EM og student-OL
I forbundets uttak til U23 EM er me glade for å ha med 3 av utøvarane våre:
- Vetle Farbu-Solbakken, 1500 meter og 5000 meter
- Abdullahi Dahir Rabi, 10000 meter
- Sander Werge Nilsen, 4×100 meter stafett
Meisterskapen blir arrangert i Bergen 17-20. juli. Les meir her: https://www.friidrett.no/nyheter/2025/alt-du-trenger-a-vite-om-em-u23-i-bergen/
Til student-OL vart Andrea Engesæth teken ut på 3000m hinder og Vetle Solbakken på 5000m.
Utøvarar med krav til U20 EM
- juli tek forbundet også ut lag til U20 EM. Følgjande BUL-utøvarar har klart kravet til denne meisterskapen i løpet av utandørssesongen (krav i parentes):
- Christopher Nordlie: 100m – 10,62 (10,62)
- Christopher Nordlie: 200m – 21,53 (21,55)
- Lilje Patey: 400m – 53,67 (55,50)
- Tobias Gulbrandsen: 400m – 48,09 (48,15)
Utøvarar med NM-krav for første gong
Vi gratulerer følgjande utøvarar med å ha klart kravet til hovudmeisterskapen for første gong! (Krav i parentes)
- Elijah Ramirez: 100m – 11,27 (11,30)
- Elijah Ramirez: 200m – 22,70 (22,80)
- Inger Russnes: 5000m – 17.57,19 (17.59,99)
- Jonas Grüner-Mørck: 200m – 22,79 (22,80)
- Tida Sanyang: 100m – 12,58 (12,80)
- Tida Sanyang: 200m – 26,01 (26,20)
- Zion Ramirez: 100m – 11,26 (11,30)
Hovudmeisterskapen blir arrangert på Askøy 1-3. august, og det ligg an til at BUL reiser med ein stor tropp.