Velkomen til lagsmøte

Tid: Onsdag 19. februar kl. 18:00–18:30.

Stad: Kjellarstova på Kaffistova i Kristian IVs gate 2.

Sakliste:

  • Val av utsendingar til årsmøtet i Bygdelagssamskipnaden (BLS) 25. mars. Vi skal velje inntil ti utsendingar.
  • Val av utsendingar til årsmøtet i Fylkesmållaget Vikværingen 4. mars. Vi skal velje inntil tre utsendingar.

BUL er medlem av Noregs Ungdomslag (NU) og BLS er fylkeslaget til NU i Oslo-området. På same vis er BUL medlem av Noregs Mållag og Vikværingen er fylkesmållaget vårt. Begge desse organisasjonane har årsmøte før oss og då må utsendingar til møta veljast på eit lagsmøte.

Heile laget kan delta. Møtet tar truleg under 30 minutt.

Under kan du melde interesse for å vere utsending. Vi oppfordrar alle som er interesserte til å melde seg! BUL vil gjerne at meiningane til medlemmane våre blir ytra i lag og bedrifter vi har tilknyting til. Eller du kan melde deg berre fordi du synst det kan vere interessant og lærerikt å delta.