Landsturneringen 2022

Landsturneringa vart i helga arrangert i Kristiansand. Handball- og fotballturneringa fylte 31 år i år, og det vart enn vellykka og hyggeleg helg for IL i BUL og BVT-gjengen.

Klubben stilte med 1 lag i handball og 2 lag i fotball, eit 5’er lag og eit 7′ lag.

Handball

Håndballaget stilte i miksklassen og hamna i pulje 5 med laga Larvik Turn & IF 3 Blå, MHI-Håndball og Stord United. Første kamp ut var Stord United der resultatet vart 3-8 tap, neste kamp mot MHI-Håndball eina i 10-5 tap og i siste kamp mot Larvik Turn & IF 3 Blå vart det eit 2-5 tap. Ein heiderleg innsats av laget trass tap.

Fotball

BUL 1 spelte på 7’er bane og hadde den første kampen sin mot Harstad Tigers 1 der dei gjekk på eit surt 1-0 tap. Neste kamp vart ein jamn affære mot Djerv 1919 TL lag 1 og enda i uavgjort 0-0. Neste motstandar var Peder morsa, der også denne kampen enda i uavgjort 2-2. Fjerde og siste kamp var mot Gjelleråsen Sort, som enda i 2-3 tap.  Ei jamn gruppe som fint kunne vore forskjellig hadde det ikkje vore for 6 stolpetreff.

BUL 2 spelte på 5’er bane og hadde den første kampen sin mot FK Fyllingsdalen Tigers, kampen enda i ein -2 siger og ein god start. Neste kamp var mot Vind Start 2 der BUL gjekk seirande ut med 5-2. Før siste kamp har BUL 2 alt i sine eigne hender. Trass i enorme sjansar til BUL enda det med tap 0-3 og dermed gjekk BUL 2 glippar av den store pokalen på dårlegare målskilnad enn Molde, akkurat som i førre Landsturnering.

Takk til alle utøvarane, trenarar og ledsagere som var med på turen!