Leikarringen i BUL Oslo er tildelt Gnistprisen for vårt arbeid med opplæring i folkedans for born og unge!

Tusen takk til FolkOrg og Gnistfonden for Unge! Og ikkje minst takk til alle som legg til rette for at me kan ha øvingar, skape aktivitet og takk til alle dykk som deltek på aktiviteten vår.

Formålet med Gnistprisen er å støtte lag som jobbar medvite med å skape eit godt læringsmiljø blant born og unge som dansar folkedans. Prisen er på 15 000 kr og vert vanlegvis delt ut på Landskappleiken, men grunna avlysinga av årets Landskappleik var ikkje dette mogeleg i år. Årets Gnistpris vart i 2020 offentleggjort under FolkOrg si Folkemusikksending laurdag 3. oktober.

Her er juryen si grunngjeving for årets vinnarar:

Det er utruleg godt å sjå at det er mange her i landet som har eit varmt hjarte for dans for barn og unge. Mange lag inkluderer dansen i ei heilskapleg undervising av folkemusikk for dei unge, og dette er særs viktig for dansen i lokalmiljøet. I år har vi valt å gje prisen til eit lag som har dans som det berande elementet i laget, og dei har fleire dansegrupper for dei unge. Ungdomane får sjølv vere med på å setje premissane og vert tekne med på råd undervegs heile året.

Dei er godt støtta av dyktige instruktørar og ei aktiv foreldregruppe, men dei unge får sjølv lov til å påvirke korleis gruppa skal utvikle seg vidare. Ungdomane drar på turar til fleire av dei sentrale dansearrangementa i Noreg, og er på den måten med på å lage eit godt nasjonalt ungdomsmiljø for både pardans og halling. Gruppa har sjølv vore med på å arrangere ei stor barne- og ungdomsfestival, og med sitt positive engasjement er dei med på å halde oppe eit trygt og godt miljø på landsnivå.

Det er med glede vi vil gje Gnist-prisen for 2020 til Leikarringen i BUL i Oslo med BULder og Brak & TrøBUL.

Les heile artikkelen her

Thor Hauknes har i samband med prisutdeling og FolkOrg si folkemusikksending laga denne nydelige filmen som vart spelt inn for eit par veker sidan. Vi er såå stolte!