Om Leikarringen

Leikarringen i BUL Oslo er ei dansegruppe som dansar det meste av norsk folkedans: runddans (gammaldans), turdansar, bygdedans, songdans og 1900-talsdansar som swing og tango.

Velkomen til Leikarringen om du er nybyrjar eller garva dansar!

Kva skjer hjå oss?

Me har følgjande dansegrupper:

  • BULder og brak (halling for ungdom)
  • Songdansgruppa
  • Leikarringen (folkedans for alle)
  • Open sal på onsdagar (for medlemmar)
  • Søndansen (kontradans og balldans)

I tillegg til vanlege øvingar arrangerar me dansekveldar for eigne medlemer, veneringar og andre interesserte minst ein gong i halvåret. Og me deltek på kappleik, og har hovedfokus på Oslokappleiken om hausten og Landskappleiken om sommaren.