Odd Martinsen til minne
Heidersmedlem i Idrottslaget i Bondeungdomslaget, Odd Martinsen, døydde 26. oktober 2025, 82 år gamal.
Som langrennsutøvar på nasjonalt og internasjonalt nivå, var Odd Martinsen med på å skape og prege glanstida for Idrottslaget i Bondeungdomslaget på 1970-tallet. Både skiidretten og friidretten var i stor framgang gjennom heile dette tiåret, og dei raude og gule fargane prega sigerspallane i norske meisterskap og i nasjonale konkurransar.
Odd Martinsen kom inn som medlem i skigruppa til Idrottslaget i BUL hausten 1969, og han konkurrerte for BUL og med BUL-drakta frå sesongen 1970. Han var då allereie godt etablert i verdstoppen i langrenn som ein del av det norske langrennslandslaget. Med seg inn i idrettsmiljøet i BUL hadde han erfaringar, treningsdisiplin og inspirasjon som skapte «Bragder Utan Like» til han avslutta idrettskarrieren etter 1978-sesongen.
Odd vart kalla «Stafett-Martin». På landslaget hadde han ei viktig oppgåve på første etappe, og som startmann og først inn til veksling, la han grunnlaget for mange stafett-triumfar for Noreg både i OL og VM. For BUL hadde Odd anker-etappen, og saman med gode lagkameratar i Idrottslaget vann BUL 7 gull og 2 sølv i stafett i norske meisterskap i perioden 1970 til 1978.
For framifrå innsats og prestasjonar fekk Odd Martinsen Heidersmerket i 1976, og han vart i 1978 utnemnd til Heidersmedlem i Idrottslaget i BUL.
Etter si aktive idrettskarriere stilte Odd opp med råd og rettleiing i samband med det årlege førjulsrennet, BUL-sprinten. Han etablerte seg som ein markant næringslivsaktør som importør av Fischer ski, var mangeårig idrettsleiar på internasjonalt nivå i FIS og under Vinter-OL på Lillehammer i 1994. Ikkje minst var Odd familiemann og ein ressurs i lokalsamfunnet og i idretten i Nittedal.
Varme tankar går no til kona Hanne, dottera Bente og sonen Harald med familiar.
Takk for framifrå innsats. Minner lever vidare.
For Idrottslaget i BUL, Vigdis Rønning



Teaterlaget i BUL