Olaf Almenningen (1947–2025) til minne

Det var med stor sorg at Bondeungdomslaget (BUL) i Oslo fekk meldinga om heidersmedlem Olaf sin uventa bortgang 11. juni.

Olaf vart medlem i Bondeungdomslaget i 1980 og har sett djupe spor etter seg, både i BUL som heilskap og i Idrottslaget (IL). Han var eit varmt menneske med stor omhug for folk rundt seg. Vi hugsar den forsiktige framtoninga, det lune smilet og den gode kommentaren.

Olaf kom frå Voss og var ein allsidig idrettsutøvar ifrå ung alder. Det gjekk mest i fotball, men også etter kvart friidrett i Vossar IL. Etter artium på Voss gymnas vart det studietid i Bergen og seinare i Oslo. Olaf vart filolog, og frå 2008 professor i nordisk språkvitenskap. Målsak og språk vart Olaf sin yrkeskarriere, med arbeid både i Noregs Mållag og for Norsk Ordbok.

Under den siste store interne kampen om Idrottslaget sin plass i Bondeungdomslaget, kasta Olaf seg inn med all kraft. Han såg den viktige heilskapen i laget og rørsla, der Idrottslaget hadde ein rettkomen plass. Då Olaf tok på seg vervet som leiar i IL i 1997, var det siste halmstrået for dei som ville ha IL ut av BUL, at lovene ikkje var i samsvar med lovene til BUL, Noregs Mållag og Noregs Ungdomslag. Olaf tok jobben, og gjennom forhandlingar med Norges Idrettsforbund vart lovene til Idrottslaget justert slik at den saka vart parkert for alltid. Olaf sat som leiar i krevjande år for Idrottslaget fram til 1999. Lovorda var mange om den trygge og gode leiarskapen hans.

Det som også lever for evig etter Olaf, er jubileumsbøker. For Idrottslaget skreiv han mursteinane Bragdar Utan Like (1993) og Hundre års idrettsliv (2013). Han sat også i jubileumsnemnda då IL fylte 100 år i 2013. Historia skulle både dokumenterast og feirast skikkeleg. Olaf var også forfattar av 90-års soga til hovudlaget, Byen er vår bror (1989).

Olaf var sjølv også aktiv deltakar på mosjonsløp som Osloløpet og Sentrumsløpet. I dei seinare åra vart sykkelen hovudmosjon. Men han stilte opp som vakt i løypa på Sentrumsløpet og var med det med på å sikre gode inntekter til aktiviteten i laget. Drivkrafta for Olaf sitt engasjement i BUL var nettopp det: å skape aktivitet for mange i eit trygt og godt miljø. Eit mangfaldig lag. Eit lag for alle. Og at Oslo har eit Idrottslag med nynorsk som skriftspråk, var noko Olaf var stolt av, og han skal nok ha ein stor del av æra for at det framleis er slik. I hovudlaget tok Olaf på seg ymse verv og stilte alltid opp med hjelp for laget, om det var som medlem i rådet eller i hyttestyret for Røkleivhytta. Olaf hadde ikkje førarkort, og tok titt og ofte kollektivtransport frå heimen på Abildsø til Røkleivhytta på andre sida av byen for å sjekke at hytta var i orden etter helgebruk.

Olaf sin bortgang er eit stort tap for oss i BUL. Vi har mist ein vi alltid kunne rekne med, og spørje om alt vi lurte på. Vi tenkjer no på kona Toril, døtrer og barnebarn og lyser fred over Olaf sitt minne.



Rune Stenersen og Astrid Marie Grov
for Bondeungdomslaget i Oslo

Bisettinga er torsdag 19. juni kl. 11.30 i Østre gravlund store kapell.