Tormod Indrehus Bønes (1942–2025)
Tormod Bønes døydde brått og uventa onsdag 4. juni etter ei sykkelulukke, 83 år gamal.
Tormod vart medlem i BUL i Oslo i 1969 og har gjennom svært mange år vore ein trufast og stødig leiar av hyttestyret for Røkleivhytta.
Innsatsen Tormod har lagt ned for BUL gjennom vervet som hyttestyrar, har vore heilt uvurderleg. Han har ordna så mykje stort og smått på hytta, og vore på pletten nesten med ein gong det har vore noko, at han nok i praksis har lagt ned nokre årsverk for oss.
På årsmøtet i mars vart Tormod utnemnd til heidersmedlem, som takk for jobben han har gjort. Vi er glade for at laget fekk gjeve han denne heideren.
Tormod er borte, og vi merkar tapet allereie. På det praktiske planet må vi greie omstillinga, men vi kjem for alltid til å sakne den blide, hyggjelege og positive karen som var ein del av oss.
Astrid Marie Grov
Styreleiar
Bondeungdomslaget i Oslo
Det var med sorg og sjokk Bondeungdomslaget i Oslo fekk melding om at heiderslagsmedlem Tormod Bønes var omkomen i ei sykkelulykke måndag 2. juni. Han hadde vore ute på ein fin ettermiddagstur på sykkel og var nesten komen heim att til Røa då ulykka skjedde. Han vart alvorleg skadd i fallet og fekk først livreddande førstehjelp før ambulanse vart tilkalla og køyrde han til sjukehuset. Men livet stod diverre ikkje til å redde, så Tormod døydde på sjukehuset onsdag 4.6., to dagar etterpå.
Tormods bortgang er eit hardt slag for heile Bondeungdomslaget. Han vart medlem alt i 1969 og hadde mange tillitsverv i både særlag og hovudlag opp gjennom åra. Han var særleg oppteken av friidretten og vart også utnemnd til heiderslagsmedlem i Idrottslaget i 2022. Sjølv heldt han seg i god form og deltok fleire gonger på sine eldre dagar i internasjonale meisterskapar og kom heim att med medaljar av edelt slag. Tormod var også ein mykje brukt friidrettsdommar både på nasjonale og internasjonale stemne.
Dei siste åra var han leiar i hyttestyret for Røkleivhytta, der han la ned ein kjempestor innsats i dei 6–7 åra han var med der. Tormod førde vidare det utbetringsarbeidet som tidlegare styreleiar Arne Nordvi hadde byrja på. Hytta er no i betre stand enn på lenge, og Tormod hadde idear om endå fleire oppjusteringar. Tormod var ikkje vond å be om noko stod på i Røkleivhytta, han kunne jamvel forlate ein lagsfest anten det var fredag eller laurdag kveld, for å hjelpe gjester som anten hadde tulla seg bort eller ikkje fekk tekniske ting til å virke på hytta.
Men Tormod var interessert i mange ting, mellom anna lokalhistorie, målsak, miljøsaker og allment interessert i politiske spørsmål. Såleis var han med i styret for Lysakervassdragets venner blant anna. Han var utdanna kjemiingeniør og var fast tilsett i mange år i Kripos, der han mellom anna var leiar for laboratoriet. Ofte var det ymse stoff innanfor narkotikafeltet han fekk i oppgåve å analysere. Han møtte også ofte opp som sakkunnig i retten når saker som gjeldt ulovleg bruk av rusmiddel var oppe til behandling.
I og med Tormods bortgang har vi mista ein av våre mest trufaste medlemer. Han var ein av dei solide veteranane som det blir vanskeleg å erstatta. Våre tankar går no til kona Bjørg og dei vaksne borna Ingrid og Bjørnar. Vi lyser fred over Tormod Bønes sitt minne!
Olaf Almenningen
På vegne av Idrottslaget i BUL og hyttestyret i Røkleivhytta