NM i friidrett 2024

,

IL i BUL stilte med ein stor tropp under helgas NM i Sandnes. Spesielt stor deltaking var det på 100 og 200 meter for menn og 1500 meter for menn. I tillegg hadde klubben heile fire lag på 1000 meter stafett, fordelt på eitt kvinnelag og tre herrelag.

Lene Retzius vann gull i stav, Andrea Engesæth fekk sølv på 3000 meter hinder, 1. laget til herrane fekk sølv på 1000 meter stafett og Edem Agbo fekk bronsemedalje på 100 meter.

Her er resultata til våre utøvarar:

100 meter kvinner:
Nora Jazz Werenskiold Proctor – 12.50 Pb.

100 meter menn: Heile 12 BUL-utøvarar stilte til start.
Edem Agbo vart BULs store heilt i denne øvinga. Han fekk bronsemedalje med det flotte resultatet 10,37* i litt for sterk medvind 2,5. Tida vart opphavleg 10,39, men justert nokre dagar seinare på grunn av feil avlesing av målfotoet. I semifinalen vart det pers 10,47 i vindstille.

Dei andre utøvarane fekk desse resultata:
Christopher Nordlie: 10,77 i semifinalen. 10,89 i forsøket.
Erik Hagen: 10,84 i semifinalen, 10,80 PB i forsøket,
Sander Werge Nilsen: 10,87 I semifinalen. 10,77 i forsøket.
Christian Wright: 10,94 PB I forsøket.
Josh Bjerke: 10,95 i forsøket.
Jonathan Holen: 10,97 PB I forsøket.
Ariand Shegani: 10,99 PB i forsøket
Mats Hjørnevik: 11,10 i forsøket.
Bereket Wayu: 11,24 I forsøket.
Mads Hjort-Larsen: 11,25 i forsøket.
Thomas Graftås: 11,27 i forsøket.

400 meter hekk kvinner:
Elizabeth Turk: 67,85 i forsøket.

400 meter:
Lilje Patey: 56,08 og 7. plass i finalen. 54,76 I forsøket.
Hanna Bakke: 58,71 I forsøket.

400 meter:
Leon Douglas Mjaaland: 49,01 og 6. plass I finalen. 48,63 i forsøket.
Theodore Fremstad-Waldron: 50,06 i forsøket.

1500 meter menn:
Det gjekk roleg i dei to første forsøksheata der alle BUL-utøvarane var med. Ingen av våre hadde nok futt i beina dei siste metrane for å klara å kvalifisera seg for ein plass i finalen. Men Sebastian van der Ween fekk etter eit fall i forsøket lov til å springa igjen i finalen. Der vart han nummer 13. Her er alle resultata til våre utøvarar:
Sebastian van der Veen: 3:55,22 og nummer 13 i finalen. 4:41:52 i forsøket.
Mats Hauge: 3:59,43 i forsøket.
Simon Steinshamn: 4:00,29 i forsøket.
Halvard Fladby: 4:04,45 i forsøket.
Adrian Olsen: 4:05,82.

Stav kvinner:
Lene Retzius: Gull med resultatet 4,52.

200 meter menn:
Stephan Kyeremeh: 21,52 og 5. plass i +2,8 i finalen. 21,70 i godkjent vind semifinalen og 21,71 i +4,6 forsøket.
Christian Wright: 22,14 i + 4,2 i forsøket.
Josh Bjerke: 22,21 i +6,5 i forsøket.
Nicolas Eriksen: 22,25 i +5,1 i forsøket.
Mads Hjort-Larsen: 22,32 i +4,6 i forsøket.
Ariand Shegani: 22,39 i + 2,5 i forsøket.
Mats Hjørnevik: 22,59 i +5,1 i forsøket.
Bereket Wayu: 22,71 i +4,6 i forsøket.
Jonathan Holen: 22,74 i + 5,5 i forsøket.
Theodore Fremstad-Waldron: 22,75 i forsøket.
Thomas Graftås: 22,83 i +2,5 i forsøket.

1500 meter kvinner:
Mari Ruud: 4:39,76 i forsøket.

800 meter menn:
Robin Nedrehagen: 1:57,22 i forsøket.
Johannes Dalland: 1:59,21 i forsøket.
Halvard Fladby: 2:01,71 i forsøket.
Adrian Olsen: DNF i forsøket

3000 meter hinder kvinner:
Andrea Engesæth sprang inn til ein sterk sølvmedalje på tida 10:00,89.

Kule kvinner:
Elizabeth Turk: 9. plass, 11,51.

5000 meter menn:
Abdullahi Dahir Rabi: 7. plass, 13:54,92.
Simon Steinshamn: 14:42,28.

Spyd menn:
Kasper Sagen var etter fleire konkurransar over 80 meter i år, favoritt i spyd for menn. Han måtte diverre trekkja seg på grunn av ein vond olboge.

1000 meter stafett kvinner:
Elizabeth Turk, Lilje Patey, Hanna Bakke og Mari Ruud: 6. Plass med tida 2:22,84.

1000 meter stafett menn:
Heat 1:
Sander Werge Nilsen, Mats Hjørnevik, Theodore Fremstad-Waldron og Mads Hjort-Larsen: nr 1, totalt nr. 6 med tida 1:59,57.
Ariand Shegani, Christian Wright, Josh Bjerke, Adrian Olsen: nr. 2, totalt nr. 7 med tida 2:03,39.

Heat 2:
Edem Agbo, Christopher Nordlie, Stephan Kyeremeh, Leon Douglas, sølvmedalje og ny klubbrekort i BUL med tida 1:52,29