NM innendørs 2025 i Bærum Idrettspark

Det vart eit vellykka NM innandørs for BUL. To meisterskapsrekordar på 60m, stafettsiger i både kvinne- og herreklassen, og ein utøvar som stod på toppen av pallen tre gonger i løpet av helga.

Fredagen starta med 60m forsøk for menn der me hadde 12 utøvarar til start. Sju av desse gjekk vidare til semifinale. Blant dei vår beste mann på papiret, Tinius, som roa ned såpass mykje i forsøksheatet at det vart i overkant spennande for dei som følgde med frå tribunen.

På kvinnesida hadde me fire utøvarar til start; Nora, Dorothy, Ida-Louise og Tida. Både Nora og Dorothy sat solide persar og avanserte til semifinalen. Ida-Louise sat også pers med god margin.

I semifinalen fekk me tre løparar vidare til finale på herresida; Tinius, Mats og Erik. På kvinnesida rauk Nora og Dorothy ut, men leverte endå ein gong gode løp.

I den store finalen for herrane hadde me altså tre mann til start: Mats i bane 1, Erik i bane 2 og Tinius i bane 3, med den største konkurrenten, Even Meinseth, ved sida av seg i bane 4. Startskotet gjekk, og Tinius leverte eit løp for historiebøkene med tida 6,66! Dermed sletta han meisterskapsrekorden til Jonathan Quarcoo frå 2018, og sprang samtidig den raskaste 60 meteren av ein nordmann på over 10 år. Tinius er no nummer 5 på lista over dei raskaste løparane på 60 meter i Noreg gjennom tidene. Bak nokre namn som ikkje er heilt ukjende; Jays Ndure, Fernando Ramirez, Erlend Sæterstøl og Geir Moen.

Hopp utan tilløp vart også arrangert på fredagen. Her hadde me fleire utøvarar som deltok, og to av dei leverte prestasjonar som heldt til medalje. Dorothy med sølv i lengd utan tilløp for kvinner, med eit hopp på 2,66, og Thomas med bronse i høgd utan tilløp for menn U20, med eit hopp på 1,53.

Dorothy hadde det mest hektiske programmet gjennom helga med start i fem ulike øvingar. Éin av desse var lengd som byrja laurdag formiddag. Her vart det dessverre ikkje fullklaff og heller ikkje noko avansement.

Deretter var det klart for 200m forsøk der herrane var først ut. Seks mann til start frå BUL, men ingen gjekk vidare til finalen. Likevel vart det ein opptur med Theodore som følgde opp den suverene persen i går på 60m, med å persa på 200m òg.

Undervegs i forsøksheata på 200m starta Thomas si kvalifisering i lengd. Her gjekk han akkurat vidare til finalen med eit hopp på 6,47. I finalen hoppa han seg éi plassering opp, og enda på ein 11. plass. Thomas hadde nok ønskt seg noko lengre hopping på førehand, men skal uansett vera fornøgd med ei god plassering i eit senior NM.

Nora, Dorothy og Lilje var dei tre BUL-utøvarane som stilte til start på kvinnenes 200 meter. Nora og Dorothy var rett bak persane sine, medan Lilje gjekk vidare til finalen med den 4. beste tida totalt.

Fram til laurdag ettermiddag hadde me berre hatt sprintarar og hopparar i aksjon. Men no skulle også Adrian og Halvard i aksjon på 1500m. Dei vart plasserte saman i det nest beste heatet og sprang omtrent saman inn i mål på høvesvis 3.59 som er eitt sek bak pers for Adrian, og 4.00 som er sju sek bak pers for Halvard.

Ida-Louise deltok i lengd for para, og tok her gull med ny pers på 4,77!

Siste øving laurdag var 400m for menn der me hadde éin utøvar til start, Leon Douglas. Han kom i heat med den tøffaste konkurrenten, Håvard Bentdal Ingvaldsen, og hengde seg på frå start. Ut på den andre runden hadde Leon utlikna farten og såg nesten ut til å ta litt innpå. Leon sprang inn til ein klar sølvmedalje og tangerte persen frå Bassen førre helg på 47,62!

Første BUL-øving søndag var 60m for kvinner para med Ida-Louise på startstreken. Her vart det endå eit gull til utøvaren som melde overgang til BUL ved nyttår. Med tida 8,36 forbetra ho også sin eigen meisterskapsrekord frå 2023!

På 800m for menn var det ikkje den heilt store dagen for Adrian som måtte bryta. Halvard sprang inn til 1.59.

Finalane på 200m vart delt opp i 2 heat. Det var derfor spennande å sjå kven Lilje skulle springa saman med. Svaret vart Nora Aune i bane 4, Lilje i bane 5, og ingen andre enn Henriette Jæger i bane 6. I det første finaleheatet løp både Maren Bakke Amundsen og Elisabeth Slettum gode tider med høvesvis 24,04 og 24,14. I det andre heatet var det ikkje overraskande at Henriette kom godt ut frå start, men Lilje hengde seg på og gjennom den andre svingen var det ikkje store fartsforskjellen mellom Lilje og utøvaren som har sprunge OL finale på 400m. Henriette vann heatet på 23,08. Lilje leverte også ein svært sterk prestasjon og sprang inn til sin nest raskaste 200m nokon gong. Tida 24,22 heldt akkurat ikkje til medalje, men ein 4. plass i senior NM tyder på at utviklinga absolutt går rett veg før ein svært spennande utandørssesong!

Like etter Liljes finale på 200m, starta Julie sin finale i tresteg. Etter at Julie vart mamma i fjor, har ho trena seg opp igjen til eit imponerande nivå, og starta opp med konkurransar i januar. Sidan dette har ho berre hoppa betre og betre i kvart einaste stemne, og heldt utviklinga fram også under NM. Julie leverte fleire gode hopp og ein høg treffprosent med fire av seks hopp gyldige. 11,95 heldt til ein småsur 4. plass, men var årsbeste med 6 cm!

Ida-Louise avslutta meisterskapen sin med 200m for para og sprang seg endå ein gong opp på toppen av pallen. Ho tok dermed sitt 3. gull for helga og sletta også her sin eigen meisterskapsrekord frå 2023, med tida 27,21!

På 3000m stilte Mari i kvinneklassen og Vetle i herreklassen. Mari enda på ein 9. plass med tida 9.42,61, medan Vetle var i medaljekampen heilt inn til mål. Han enda akkurat utanfor topp 3, med tida 8.20,92 som berre var fire hundredelar bak persen.

Stafettane stod på programmet som dei siste øvingane under meisterskapen. Først ut var kvinnene, der me stilte eit sterkt lag. Dorothy, Nora, Mathilde og Lilje som alle hadde vist individuell form den siste tida. Dorothy og Nora leverte solid på dei første to etappane. Inn til andre veksling låg laget litt bak Skjalg, men stafett er stafett, og der Skjalg ikkje klarte å få med seg pinnen vidare, leverte Nora trygt over til Mathilde ut på den tredje etappen. Sjølv om Mathilde var den yngste utøvaren på laget, sprang ho ein svært rutinert etappe og pressa Skjalg til å stoppa heilt opp ut av siste sving. Det var jamt inn til siste veksling. På ankeretappen skulle Maren Bakke Amundsen ut for Tjalve, Line Safaa Al-Saiddi ut for Skjalg, men BUL hadde sjølvsagt det aller beste kortet med Lilje Lopes Patey. Ho trykte jamt på gassen til det stod att 50 meter. På oppløpet sat ho inn støyten og i mål var det ingen tvil om at BUL var først. Laget med ein snittalder på under 20 år tok dermed eit svært imponerande gull i senior NM!

På herresida stilte me to lag til start. 2. laget var først ut med Sander, Nicolas, Ariand og Mads på dei respektive etappane. Alle løparane leverte overbevisande etappar og dermed ein klar heatsiger med tida 1.30,00.

  1. laget bestod av Tinius, Mats, Theodore og Christian. På den 1. etappen skulle altså noregsmeisteren på 60 meter, møte noregsmeisteren på 400m frå Moelven. Frå tribunen såg det ut som at Tinius vann den kampen (i alle fall med BUL-brillene på). Mats fekk for ein gongs skuld med seg pinnen vidare, og sprang nesten heilt likt med Moelven ut av den første svingen. Vekslinga over til Theodore gjekk fint, rett bak laget til Moelven. På den tredje etappen dundra Theodore forbi Moelven i siste sving, og sende Christian i leiing ut på den avgjerande etappen. Då Christian sett i gang maskineriet var det aldri nokon som klarte å utfordra, og laget tok eit suverent gull!
  2. laget enda på ein 4. plass til slutt, berre åtte tidelar bak pallplass.

Det vart totalt 6 gull, 2 sølv og 1 bronse til BUL under NM innandørs 2025

Medaljar

Gull (6)

  • 60m Menn: Tinius | 6,66
  • 60m Kvinner para: Ida-Louise | 8,36
  • 200m Kvinner para: Ida-Louise | 27,21
  • Lengde Kvinner para: Ida-Louise | 4,77
  • 4 x 200m Kvinner: Dorothy, Nora, Mathilde, Lilje | 1.40,93
  • 4 x 200m Menn: Tinius, Mats, Thodore, Christian | 1.27,40

Sølv (2)

  • 400m Menn: Leon | 47,62
  • Lengd utan tilløp Kvinner: Dorothy | 2,66

Bronsa (1)

  • Høgd utan tilløp Menn U20: Thomas | 1,53

Andre topp 8 plasseringar

  1. plassar:
  • 3000m Menn: Vetle | 8.20,92
  • Tresteg Kvinner: Julie | 11,95
  • Høgd utan tilløp Kvinner U20: Mathilde | 1,25
  • Høgd utan tilløp Menn U20: Christopher | 1,49
  • 4 x 200m Menn: Sander, Nicolas, Ariand, Mads | 1.30,00
  1. plassar:
  • Lengd utan tilløp Kvinner U20: Mathilde | 2,43
  1. plassar:
  • Lengd utan tilløp Kvinner U20: Ida | 2,37
  1. plassar:
  • 60m Menn: Erik | 6,94
  • Lengd utan tilløp Kvinner: Edel | 2,53
  • Lengd utan tilløp Menn U20: Jonas | 2,98
  1. plassar:
  • 60m Menn: Mats | 7,02
  • Lengd utan tilløp Kvinner U20: Tida | 2,22

Persar (før | etter):

60m

  • Nora: 7,87 | 7,74
  • Dorothy: 7,83 | 7,79
  • Ida-Louise: 8,33 | 8,26
  • Tinius: 6,71 | 6,66
  • Mats: 6,95 | 6,94
  • Erik: 6,97 | 6,94
  • Theodore: 7,13 | 7,05

200m

  • Theodore: 22,20 | 22,17

Lengde

  • Ida-Louise: 4,75 | 4,77

Lengd utan tilløp

  • Mathilde: 2,40 | 2,43
  • Christopher: 2,90 | 2,92

Høgd utan tilløp

  • Thomas: 1,50 | 1,53
  • Christopher: 1,46 | 1,49

BUL sine utøvarar under NM innandørs 2025

Kvinner

  • Dorothy Ampong
  • Edel Halle
  • Ida Langøy
  • Ida-Louise Øverland
  • Julie Gaustad
  • Lilje Patey
  • Mari Ruud
  • Mathilde Falck
  • Nora Proctor
  • Tida Sanyang

Menn

  • Adrian Stene Olsen
  • Akshathan Nadarajah
  • Ariand Shegani
  • Christian Wright
  • Christopher Nordlie
  • Elijah Ramirez
  • Erik Hagen
  • Halvard Fladby
  • Henrik Lander
  • Jonas Rosholt
  • Leon Douglas
  • Mads Hjort-Larsen
  • Mats Hjørnevik
  • Nicolas Eriksen
  • Per Tinius Fremstad-Waldron
  • Samuel Gyedu
  • Sander Myrvang
  • Theodore Fremstad-Waldron
  • Thomas Biermann
  • Vetle Solbakken

Fra venstre: Tinius, Theodore, Christian og Mats
Foto: Thomas Patey

Øverst fra venstre: Mathilde og Nora. Nederst: Dorothy og Lilje
Foto: Thomas Patey