No kan du bruka fritidskortet hos IL i BUL!
Me er glade for å kunna fortelja at IL i BUL no er godkjend aktivitetstilbydar i Oslo kommunes fritidskortordning!
Fritidskortet skal gjere det enklare for barn og unge å delta i fritidsaktivitetar, uavhengig av familieøkonomien. Gjennom ordninga kan familiar som oppfyller vilkåra, få økonomisk støtte til mellom anna aktivitetar innan idrett, kultur og friluftsliv.
Ordninga gjeld barn og unge frå 6 år til og med året dei fyller 19 år, som bur i Oslo og oppfyller inntektsvilkåret til kommunen.
Les meir om ordninga, vilkåra og korleis du søkjer på Oslo kommunes nettsider om fritidskortet
Me håpar at fritidskortet kan bidra til at endå fleire barn og unge får høve til å delta hos oss!
Vår generelle side om støtte til betaling for idrettsleg aktivitet finn du her

