Norsk seniorrekord til BUL på 4x200m for menn
Tysdag kveld arrangerte KFUM sitt tradisjonsrike seinsommarstemne på Bislett stadion.
På førespurnad frå BUL, hadde stemnegeneral Hans-Kristian Sætrum lagt til rette ved å leggja inn 4x200m stafett som første øving. Målet var ny norsk U20-rekord med følgjande lagoppstilling:
- Jonas Rosholt (2007)
- Christopher Nordlie (2007)
- Richard Dahn (2007)
- Christian Wright (2006)
Trenarane våre Unni, Udoka og Jan hadde mant gutane til kamp, og dei leverte!
Ikkje berre vart det norsk juniorrekord – det vart også norsk seniorrekord!
Dermed vart rekorden til Skjalg på 1.26,03 frå 1994 sletta. Den nye rekorden til BUL lyder på 1.25,55.
Me rettar også ein takk til Hans Jørgen Borgen frå Ull/Kisa som lånte bort stafettpinnar godkjent for konkurranse, og Even Bogen Nørjordet frå Tjalve som sporty stilte opp på den første etappen og gav Jonas konkurranse, sjølv om Tjalve ikkje hadde fullt lag.