«Og det som me har bygt opp, er viktigare å hegne om enn nokon gong.»
Onsdag 25. mars var det årsmøte i Bondeungdomslaget i Oslo. Styreleiar Astrid Marie Grov opna møte med å minne om kor viktig aktiviteten medlemmene våre driv med, og gjennom den fellesskapet dei skaper, er i den urolige tida vi lever i:
Kjære alle saman
Me lever i ei uroleg og omskifteleg tid. Det er lett å tenkje at storpolitikken og samfunnsutviklinga er noko som ikkje har så mykje med laget vårt å gjere. Men det er igjen tida for å tenkje større tankar om oss sjølve enn som så.
For i urolege og splittande tider skjønar me at me ikkje kan ta det gode for gitt, og me må igjen kjempe ein verdikamp.
- Ein kamp for det gode og mot det vonde.
- Ein kamp mot at folk trur på dei som ikkje snakkar sant.
- Ein kamp for at folk går ut for å sjå andre i augo og ikkje vel å sitje heime.
Og berre ved å samlast fleire gonger i veka, anten det er her i Teatersalen eller på Bislett, tek me del i den kampen. Det same gjer me også til gagns på 17. mai, når me får masse framande folk til å ta kvarandre i hendene på Universitetsplassen.
For aktivitetane våre er ein del av noko større. Eit større prosjekt som handlar om meir likskap og mindre ulikskap. Om jamnare kunnskapsfordeling og dermed maktfordeling. Og i dette arbeidet står me på skuldrane til alle dei som har gått før oss. I denne salen spesielt, og i heile norskdomsrørsla generelt.
For å vise kva det store vi-et har fått til, vil eg trekkje fram eit par døme. Det fyrste er Arthur Arntzen, som gjekk bort i desember. Det mange ikkje veit, er at det var scenene til Noregs Ungdomslag som gjorde Arntzen til humorist, og dermed la grunnlaget for Oluf som både nordnorsk og nasjonal folkehelt gjennom store delar av 1900-talet. Det drog samtidig Arntzen vekk frå det lutfattige tilværet han voks opp i. Eit anna døme er Fred Kavli. Han kom frå ein bondefamilie i Eresfjord i Romsdalen, og enda opp som ingeniør og filantrop i USA. Ein stor del av æra for verdisynet sitt gav han sjølv til Firda landsgymnas på Sandane. Landsgymnasa gav gåverik bygdeungdom moglegheiter dei tidlegare berre kunne drøyme om, og var i praksis Noregs Ungdomslag og Noregs Mållag sitt prosjekt.
Kort sagt: Merkevara BUL lyser sterkare enn ho har gjort på lenge. Og det som me har bygt opp, er viktigare å hegne om enn nokon gong. Som leiar er eg takksam for det arbeidet som blir gjort i laget, kvar dag, heile året, for oss og for verdiane våre.

Eit lite utval av aktiviteten i Bondungdomslaget i Oslo 2025. Foto: Thor Haukås/ Erik Førde/Terje Svindseth/Teaterlaget/BUL Oslo med fleire
Handlingsplan og framtida til lagshyttene
Den største saka på årets møte var drøfting om framtida til dei to lagsbyttene våre Bondehytta og Røkleivhytta. Særleg Røkleivhytta er lite nytta av medlemmer, og vil etterkvart ha behov for større vedlikehald. Hyttene har vore viktige samlingsplassar for medlemmer i over 100 år, men tidene har endra seg, og lagsstyret løfta difor sal av Røkleivhytta som ei orienteringssak på årets møte. Det neste året vil dei jobbe for å greie ut eit eventuelt sal som vil kome opp som sak på årsmøte i 2027.
Handlingsplan for 2026 vart også drøfta. Dette er eit viktig dokument som legg føringar for prioriteringar og arbeid i det komande året. Handlingsplanen tek utgangspunkt i Langtidsplan for 2024-2028, og vidarefører eit fokus på synleggjering, organisasjonsbygging og eigedomsdrift.
Årsmeldingar, rekneskap og budsjett vart også lagt fram. To store prioriteringar skal gjennomførast i 2026: Innkjøpe av nye stolar til Teatersalen, og gjennomføre oppussinga av foajeen.
Årsmeldingar, rekneskap, budsjett og andre årsmøtepapir finn du her.
Nye medlemmer i styre, nemder og råd
Nye styre og nemner vart også valt. Astrid Marie Grov tek attval som leiar, og for med seg både nye og gamle styremedlemmer i det nye styret:
- Leiar: Astrid Marie Grov
- Nestleiar: Anne Cathrine Johansen
- Styremedlem: Samuel Blessing Elonga
- Styremedlem: Kjetil Aasen
- Styremedlem: Vilja Helle Bøyum
- 1. vara Silje Dahl
- 2. vara Sigvard Eggen
- 3. vara: Audun Grüner- Hegge
Nye hyttestyre, nemnder og råd finn du i innstillinga frå valnemnda.


Anders Stensland Olsen