Tyrvinglekene 17.-19. september

Dette var siste gang Tyrvinglekene vart arrangert på Nadderud stadion. Neste år vil eit av Noregs største friidrettsstemne finn stad på den nye friidrettsbana like ved Bærum Idrettspark.

IL i BUL stilte med 21 deltakarar som stod for mange fine prestasjonar gjennom helga. Det vart totalt 19 medaljar, og av desse vart det 8 gullmedaljar, 8 sølvmedaljar og 3 bronsemedaljar. BUL-utøvarane drog heim frå Nadderud med til saman 19 nye personlege rekordar!

Medaljevinnarar

J-14

Lilje Lopes Patey

  1. plass på 200m med tida 26,75.
  2. plass på 60m med tida 8,36.

Aurora Kristiansen Langbakk

  1. plass på 1500m med tida 4.40,60. Dette var òg ny pers og betring av Trine Randers sin tidlegare klubbrekord på 4.48,4. I tillegg er tida godt under kravet til senior-NM på 4.44,99, og resultatet held til ein 9. plass i Noreg gjennom alle tider i aldersklassen!
  2. plass på 600m med tida 1.37,92.

G-14

Sigurd Smitt-Ingebretsen

  1. plass i diskos med resultatet 42,91. Dette var like bak persen og klubbrekorden på 43,69 som Sigurd sat tidlegare i år!
  2. plass i slegge med resultatet 39,20. Dette var heller ikkje langt bak hans eigen pers og klubbrekord frå tidlegare i år på 41,07!
  3. plass i kule med resultatet 10,59. Dette var òg ny pers!

J-15

Nora Jazz Werenskiold Proctor

  1. plass på 200m med tida 27,26.

G-15

Alexander Aronsen Skjeldal

  1. plass på 1500m med tida 4.31,31.

G-16

Nicolas Alexander Baranyi Eriksen

  1. plass på 300m hekk med tida 43,27. Dette var òg ny pers!

Thai Drager

  1. plass i tresteg med resultatet 12,08. Dette var òg ny pers!

J-17

Lilje Lopes Patey (J14)

  1. plass på 400m med tida 58,49. Dette var òg pers, og omtrent same tid som klubbrekorden til Trine Randers i 14 års-klassen på 58,4 som vart sett med manuell tidtaking heilt tilbake i 1979! Lilje tok dermed også kravet til senior-NM på distansen, som er 58,99, i tillegg til at ho spring seg inn til ein delt 4. plass i 14 års-klassen på distansen i Noreg gjennom tidene!

G-17

Nicolas Alexander Baranyi Eriksen (G16)

  1. plass på 400m med tida 55,86. Dette var òg pers!

G-18/19

Sander Werge Nilsen

  1. plass i høgde med resultatet 1,65. Dette var òg ny pers!
  2. plass i lengde med resultatet 6,09. Dette var òg ny pers!
  3. plass på 100m, med tida 11,19.

Theodore Einar Fremstad-Waldron

  1. plass på 200m med tida 23,38.

Menn senior

Roderick Appiadjei Duodu (G-18/19)

  1. plass på 800m med tida 1.58,58. Dette var òg ny pers!

Filip Alexsander Meo (G-18/19)

  1. plass på 3000m med tida 8.27,19.

Andre prestasjonar av BUL sine representantar

J-11

Maria Tøsse Pihlstrøm

  • 2.06,89 på 600m. Dette var òg ny pers!

Hedda Nordgren Mykkeltvedt

  • 2.09,14 på 600m. Dette var òg ny pers!

Kristine Grimstad

  • 2.05,14 på 600m.

G-11

Fredrik Ness Evensmo

  • 31,32 på 200m. Dette var òg ny pers!
  • 9,28 på 60m. Dette var òg ny pers!
  • 1.54,53 på 600m. Dette var òg ny pers!

Ola Jarning

  • 9,97 på 60m. Dette var òg ny pers!
  • 1,20 i høgde. Dette var òg ny pers!

Jørgen Smedsrud Engebretsen

  • 1.55,25 på 600m. Dette var òg ny pers!

G-13

Marcus Hoen

  • 1,25 i høgde. Dette var òg ny pers!

G-14

Kasper Vinje Engvik

  • 8,60 på 60m.

J-15

Nora Jazz Werenskiold Proctor

  • 13,07 på 100m – forsøk.
  • 13,28 på 100m – finale.

Tida Katrine Köller Sanyang

  • 29,01 på 200m.
  • 13,82 på 100m – forsøk.
  • 13,92 på 100m – finale.

G-18/19

Felix Christensen

  • 11,94 på 100m – forsøk.
  • 11,84 på 100m – finale.

Menn senior

Roderick Appiadjei Duodu (G-18/19)

  • 8.34,28 på 3000m. Dette var òg ny pers og under senior-NM kravet på 8.34,99!

Adrian Stene Olsen (G-16)

  • 2.02,76 på 800m.

Lerøy-leikane 11.-12. september

Lerøy-leikane vart for andre året på rad arrangert på Rjukan. Lerøy-leikane er ein kretskonkurranse som blir arrangert 3 ulike steder i landet, og under konkurransen på Austlandet er det 7 kretsar som konkurrerer mot kvarandre. Kvar enkelt krets tar ut sitt lag, og på Oslo sitt lag hadde BUL med 6 utøvarar som også bidrog til at Oslo kom på 3. plass totalt i kretskampen!

J-13

Sara Louise el Houssaini

Sara sprang 200m og hoppa lengde på laurdagen. På 200m vart tida 32,29 som er ny pers, og i lengde var ho berre 3 cm bak persen, då ho hoppa 3,95. Søndag sprang Sara både 60m og 1500m. På 60m vart tida 9,66 som er eit lite stykke bak pers, medan 1500m sprang ho for første gang, og persa derfor då ho kom i mål på 6.22,01!

Elfi Stene Dyrhaug

Elfi hoppa lengde på laurdagen, og persa her med 12 cm då ho hoppa 4,12! Elfi stilte òg sporty opp på 1000m kappgang for første gang, og persa dermed på øvinga med 6.36,23. På søndagen vart det to nye persar på Elfi med 9,11 på 60m og 9,32 i tresteg. Til saman fire persar av fire moglege denne helga på Elfi!

J-14

Lilje Lopes Patey

Lilje starta laurdagen med å ta ein soleklar siger på 200m med tida 26,38. Dette var òg pers med god margin! Ho fortsette å persa då ho litt seinare hoppa 4,46 i lengde. På søndagen sprang Lilje først 60m forsøk på 8,31 og kom seg vidare til finalen. I finalen sprang ho endå fortare, og tok 1. plassen med tida 8,25. Ho persa dermed både i forsøket og finalen!

Aurora Kristiansen Langbakk

På laurdagen var det 600m som stod på programmet for Aurora. Her vart det utruleg jamt mellom henne og Wilma frå Akershus og Ull/Kisa, men Aurora klarte akkurat å komma seg først i mål på tida 1.36,35. Dette er ny pers og betring av Hild Kjennerud sin klubbrekord på distansen frå 1973! Aurora er med dette òg inne blant dei 15 beste gjennom tidene i J-14 på distansen i Noreg. På søndagen sprang Aurora først 60m og persa til 8,86. Deretter prøvde ho seg på 1500m, men måtte stoppa undervegs som følgje av ein vond legg.

G-14

Kasper Vinje Engvik

Kasper sprang 200m og 600m på laurdagen. På 200m var han litt bak pers med tida 28,04, medan på 600m som han sprang for første gang, vart det pers med tida 1.56,04. Pers vart det også på søndagen då Kasper sprang 60m på tida 8,48!

Sigurd Smitt-Ingebretsen

Sigurd deltok i alle dei fire kastøvingane denne helga. På laurdagen persa han i kule og kom på 2. plass med 10,71, medan i Diskos kom han på 1. plass med 42,21. På søndagen kasta Sigurd 16,66 meter i spyd som er pers, og vann sleggekonkurransen med 37,15!