Sesongen i gong for fullt!
Utandørssesongen 2025 er for alvor i gong, og BUL har allereie markert seg i fleire konkurransar.
Lambertsetersprinten 9. mai
På 150 m kvinner senior sprang Lilje inn til ein solid 2. plass med tida 18,37. På 150 m var det også gledeleg å sjå Hanna Bakke tilbake på startstreken etter eit lengre skadeavbrekk. Sjølv om dette var hennar første konkurranse etter skaden, setja ho likevel ny personleg rekord med tida 19,54.
Lilje kom òg på 2. plass på 300 m med tida 39,40.
Mats Hjørnevik sprang inn til ein sterk 3. plass på 150 m menn senior med ny personleg rekord (16,11), bak Andreas Kulseng og Jacob Vaula. På 300 m menn sprang Jonas Rosholt inn til ein solid ny pers (34,69). Dette heldt til ein svært sterk 2. plass av guten som er fødd i 2007. Mats sprang også fort på 300 m med den nye persen 35,30. Dette heldt til ein 3. plass.
Holmenkollstafetten 10. mai
På Holmenkollstafetten stilte BUL med 4 lag.
Elitelaget for kvinner sprang inn til 9. plass med tida 1:03.19. Dette var ei forbetring frå 2024, då det vart 11. plass med tida 1:03.29. I 2023 vart det 8. plass med tida 1:04.08. Tidsmessig har det altså vore ei positiv utvikling dei siste 3 åra, og me håpar at denne utviklinga held fram mot 2026!
Løparar på elitelaget for kvinner i 2025:
Aurora Langbakk – Anne Karen Aanonli – Ane Tyssø Lie – Andrea Engesæth – Else Loge – Mari Roligheten Ruud – Heidi Weng – Nora Bernstrøm – Signe Olsen-Skjellnan – Andrea Hovstein Kruken – Inger Russnes – Edel Halle – Hanna Bakke – Sofie Sunde – Lilje Lopes Patey
Elitelaget for herrar har òg hatt ei positiv utvikling dei siste åra. I 2023 vann dei seniorklassen med tida 54.13. I 2024 vart det 5. plass i eliten med 51:21, og i 2025 vart det 6. plass med den sterke tida 50:53!
Løparar på elitelaget for menn i 2025:
Mats Hauge – Sebastian Van der Veen – Adrian Sevaldstad – Vetle Farbu Solbakken – Robin Nedrehagen – Simon Steinshamn – Abdullahi Dahir Rabi – Halvard Fladby – Svein Erik Strand Tønnesen – Ibrahim Buraas – Simen Ellingsdalen – Elijah Ramirez – Fabian Sparboe – Jonas Røstum – Mads Hjort-Larsen
For første gong på lenge stilte me òg med eit juniorlag (U23) for herrar. Dette laget sprang inn til ein 4. plass med tida 57.39.
BUL stilte òg med eit lag i klasse A2, der dei fleste løparane kjem frå mosjonsgruppa til Hassan. Dette laget sprang inn til ein 46. plass med tida 1:12.23.
Groruddalsleikane 10.–11. mai
Helga 10.–11. mai vart også Groruddalsleikane arrangert. Her leverte BUL 33 resultat totalt i ulike klassar og øvingar.
Moelv 18. mai
Sundag 18. mai vart Skarpsno Games arrangert i Moelv. Her stilte BUL med mange utøvarar både i individuelle øvingar og på stafett. Dei som markerte seg mest var herranes U23-lag på 4×200 m, som knuste den norske U23-rekorden med tida 1.27,61! Den gamle rekorden hadde Lambertseter IF med 1.28,97. På laget sprang Sander Werge Nilsen, Mats Hjørnevik, Ariand Shegani og Mads Hjort-Larsen.
Det vart også rekord på kvinner U20, som setja ny klubbrekord med tida 1.44,17! På laget sprang Mathilde Falck, Linnea Kristoffersen, Tida Sanyang og Lilje Patey. Den gamle rekorden var frå 2017, og var 1.47,53.