Sjå haustprogrammet for Leikarringen her!

< TILBAKE TIL NYHENDE FRÅ LEIKARRINGEN

Vi har fokus på desse områda hausten 2016:

  • Dansar som er særleg aktuelle med tanke på arrangement det kommande året
  • Dansar som har vert brukt i Leikarringen i mange år
  • Teknikk og repetisjon som gjer oss til dugelege folkedansarar

Dette semesteret held vi fram med fokusøvingane, der vi tek utgangspunkt i ein eller fleire taktartar, t.d. reinlender. På desse øvingane vil ein få grunntrening i taktarten og jobbe med danseteknikk, i tillegg til å lære nokre variantar og prøve seg på både turdans og songdans som er knytt til taktarten.

Helga 17.-20. november vert det arrangert ei stor folkemusikk- og dansehelg i Oslo. Oslokappleiken er eit av arrangementa og der planlegg vi i Leikarringen å delta i lagdansen. Vi skal delta med dansen polsdans frå Finnskogen, så denne dansen får ekstra fokus på øvingane før kappleiken (8. november & 15. november).

Vi får også dansa på ein del andre bygdedansar dette semester – vi skal innom både Hallingspringar,
Rørospols, Nordfjordspringar, Teledans og Masfjordspringar.

Eit nytt tilskudd no i haust er lønningspols – 27. september – ein dansekveld fylt til randen med ulike typer pols; rørospols, finnskogspols og nordlandspols! Dette vil du ikkje gå glipp av!

> Sjå heile kalenderen vår her