Solide BUL-prestasjonar i juni
European Team Championships Maribor – 28. – 29. juni
Per Tinius Fremstad-Waldron bidrog til å sikre det norske laget opprykk.
Han vann finaleheatet sitt på 100 meter med 10.46 med – 0.7 i vind. Motvinden var endå kraftigare i det andre heatet. Fremstad-Waldron sprang raskast og sørgde for norsk fullpott.
Han sprang i tillegg førsteetappen på det norske laget på 4x 100 meter. Laget sprang inn til siger, og norsk rekord på 4×100 meter for menn, med tida 38.86.
Mannheim – 28-29. juni
Noreg vann 4×400 meter mixed. BUL utøvarane Tobias Bang Gulbrandsen, Jonas Mæland Rosholt og Lilje Lopes Patey sprang inn til siger på tida 3:25.21 saman med Borghild Oline Holstad frå Hareid.
Jonas Mæland Rosholt persa på 400 meter hekk med tida 53:28 og vart nummer 9. Berre tre hundredelar bak kravet til u20-EM.
Lilje Lopes Patey sprang inn til 3. plass, med tida 53.67 på 400 meter.
Christopher Ekene Nordlie frå BUL sprang på 10.75 i forsøket på 100 meter og 10.66 i B-finale der han vart nummer 4.
Tobias Bang Guldbrandsen sprang inn til tida 51.69 på 400 meter.
Marburg – 21. juni
Abdullahi Dahir Rabi sprang 28:57.0 på 10 000 meter under The Lightning i Marburg.
Han vart nummer 5 og klarte kravet til U23-EM.
Motonet GP – 21. juni
400 m – Leon Douglas sprang inn til ny pers på 47.18 og kom inn til 5. plass.
1500 m – Ibrahim Buraas sprang inn til 2. plass med tida 3:40.70, berre 25 hundredelar bak siger.