Sommar 2022

Sommaren 2022 er her, og grunna ferie kjem Lagskontoret til å vere stengt mellom 11. og 29. juli. Dersom de treng noko frå oss i denne perioden, må det organiserast på førehand.

Før ferien kan du kontakte oss som vanleg på [email protected] eller 90 72 96 15 for generelle førespurnader. Idrottslaget kan kontaktast på [email protected] eller 90 57 94 76.

Teatersalen og Lagsrommet i Nynorskens hus:

Til særlag og interne grupper: Grunna redusert vask i sommar vil vi gjerne vite det dersom de ynskjer å bruke Teatersalen eller Lagsrommet i veke 27–31.

Ekstern utleige: Vi kan ikkje garantere at de kan leige Teatersalen eller Lagsrommet på kort varsel i juli, men du kan ringje og høyre med dagleg leiar Astrid Marie Grov på 90 72 96 15 dersom du er interessert i leige.

Hytter:

Bondehytta: Vi kan ikkje garantere at du kan booke Bondehytta på kort varsel i juli ettersom nøklar må hentast på kontoret. Ta kontakt med Klas Ekeland på tlf. 46 77 97 05 for å sjekke høvet til å få tilgang på anna vis.

Røkleivhytta: Vi kan ikkje garantere at du kan booke Røkleivhytta på kort varsel i juli ettersom nøklar må hentast på kontoret. Ta kontakt med Astrid Marie Grov på tlf. 90 72 96 15 for å sjekke høvet for å få tilgang på anna vis.

God sommar!