Sommarferie 2023

Sommaren 2023 er her, og grunna ferie kjem det til å vere avgrensa kapasitet på Lagskontoret.

Det varierer litt kva tid kvar enkelt tar ferie, men førespurnader i veke 27–31 kan ta tid å få svar på.

Ta kontakt med dagleg leiar Kari Velure på 97 56 12 82 (helst sms) dersom noko hastar. Viss ikkje kan vi som vanleg kontaktast på [email protected], eller IL i BUL på [email protected].

Teatersalen og Lagsrommet i Nynorskens hus:

Til særlag og interne grupper: Grunna redusert vask og ventilasjon i sommar, vil vi gjerne ha beskjed dersom de ynskjer å bruke Teatersalen eller Lagsrommet i veke 27–31. Ta kontakt med Kari Velure.

Ekstern utleige: Vi kan ikkje garantere at de kan leige Teatersalen eller Lagsrommet på kort varsel i juli, men du kan kontakta Kari Velure på tlf/sms dersom du er interessert i leige.

Hytter:

Bondehytta: Vi kan ikkje garantere at du kan booke Bondehytta på kort varsel i ferien ettersom nøklar må hentast på kontoret. Ta kontakt med Klas Ekeland på tlf. 46 77 97 05 for å sjekke høvet til å få tilgang på anna vis.

Røkleivhytta: Vi kan ikkje garantere at du kan booke Røkleivhytta på kort varsel i ferien ettersom nøklar må hentast på kontoret. Ta kontakt med Kari Velure tlf/sms for å sjekke høvet for å få tilgang på anna vis.

God sommar!