Nå er sommaren her, og kontoret tar seg velfortent fri.
Det varierer litt kva tid kvar enkelt tar ferie, men førespurnader i veke 27–31 kan ta tid å få svar på.
Ta kontakt med dagleg leiar Kari Velure på 97 56 12 82 (helst sms) dersom noko hastar. Viss det ikkje hastar, kan du kontakta oss som vanleg på [email protected], eller IL i BUL på [email protected].
Teatersalen og Lagsrommet i Nynorskens hus:
Til særlag og interne grupper: Vil du bruka Teatersalen eller Lagsrommet i veke 27-31, gje oss beskjed. Me har redusert vask og ventilasjon i sommarferien, i tillegg til at me må ha oversikt over kven som er på huset i tilfelle brann. Ta kontakt med Kari Velure.
Ekstern utleige: Me kan ikkje garantera at du kan leiga Teatersalen eller Lagsrommet på kort varsel i juli, men du kan kontakta Kari Velure på tlf/sms dersom du er interessert i leiga.
Hytter:
Bondehytta: Me kan ikkje garantere at du kan booka Bondehytta på kort varsel i ferien ettersom nøklar må hentast på kontoret. Ta kontakt med Klas Ekeland på tlf. 46 77 97 05 for å sjekka høvet til å få tilgang på anna vis.
Røkleivhytta: Vil du leiga hytta i tidsrommet 10. juli til 5. august 2024 må du booka innan 10. juli.
God sommar!