Songlaget
Velkomen til Songlaget i Bondeungdomslaget i Oslo!
Songlaget i Bondeungdomslaget (BUL) i Oslo, er eit blandakor med meir enn 50 songarar i ulike aldrar. Koret er eit av dei eldste særlaga i Bondeungdomslaget, og vart stifta i 1914. I 2024 feirar vi 110 år og er framleis eit aktivt amatørkor i Oslo.
Logoen til Songlaget
Nedanfor ser du Songlaget sin logo. Den fører vidare idéen om sølja som symbol på den norske tradisjonen. Hjartet i midten tek opp både filigransarbeidet som ofte er brukt på søljer – og kjærleiken til musikken i kombinasjon med G-nøkkelen plassert i midten.
Logoen er utforma av Anne-Bet Dønnen.