Vil du bli med og utvikle aktivitetane og organisasjonen vår?

Vi lyser ut ei 100 % stilling til vårt lagskontor i Oslo sentrum.

Er du allsidig, strukturert, ser nye måtar å gjere ting på, god til å administrere, lytte, og få ting til å skje? Har du interesse og engasjement for organisasjonsarbeid og medlemsutvikling? Då kan du vere den rette til å vere organisasjonsrådgjevar i BUL.

BUL er ein demokratisk styrt medlemsorganisasjon der det er tett dialog mellom tillitsvalde, medlemmer og administrasjon. Det er fem tilsette (4,5 årsverk) på kontoret, der to av desse er i Idrottslaget. Aktivitetane er organisert i fire særlag med kvar sitt styre, og du skal jobbe på tvers av desse særlaga. Laget har to hytter som vi leiger ut til medlemmene og andre.

Vi ønskjer ein person som, i samspel med hovudstyret, dei tilsette og særlaga, vil vere med på å utvikle og synleggjere laget og aktivitetane våre. Du bør trivast både med administrative og praktiske oppgåver.

Les meir og søk her: www.finn.no/292152203