17. mai med Bondeungdomslaget i Oslo

Det blir i år tradisjonen tru både folkedans før barnetoget på Karl Johan og Brusteinsball på Universitetsplassen.

Dans på Karl Johan

Oversyn over dansepara. (kjem)

Program

09.00: Oppmøte på Egertorget

ca. 09.15–10.15: Leikarringen dansar opp Karl Johans gate

ca. 10.20: Gruppefoto framfor Slottet

16.00: Framsyning på Ensjøtunet

18.14: Brusteinsball på Universitetsplassen

Den 6. mai og 13. mai er det tradisjonelle 17. mai-øvingar for dei som skal vere med på Karl Johan. I år er det Oda Johannesen Hernes og Ingrid Skrindo som er danseleiarar!

Påmeldingsfrist er 5. mai!

Alle som skal vere med å danse må vere med på minimum 1 øving.

Dansarar frå andre lag er hjarteleg velkomne til å vere med, men på dei vilkåra som står over.

Unntak for vilkåra om øvingar må bli avtalt med 17. mai-nemnda pr. epost til [email protected].

Aldri vore med på å danse på Karl Johan på 17. mai før?

Om du ikkje har vore med før, eller ein eller fleire av dansane på danselista er ukjende for deg er det bør du delta på grunnkursa 30. april, 7. mai og 14. mai kl. 20.00-22.00. I tillegg kjem øvinga med Vegar Vårdal tysdag 29. april til å vere god å vere med på.

Her får du ein god innføring i dansane slik at du har den nødvendige kunnskapen for å kunne danse Karl Johan på 17. mai.

Oppmøte for alle dansarar kl. 09.00 på Egertorget.

Me er ferdige med å danse på Slottsplassen ca. kl. 10.15. Når me er ferdige med å danse på Slottsplassen får me gå innafor sperringa framfor slottet. Der blir det felles gruppebilete før alle går kvar til sitt (evt. blir ståande for å sjå på barnetoget).

For å vere med å danse må du stille i bunad eller tilsvarande folkedrakt frå anna land, med unntak av russen som får danse i russedress. Leikarringen eig ei rekke bunader medlemmane kan låne ved behov. Ta kontakt med bunadsnemnda eller styret i Leikarringen om du treng hjelp. Bunadsnemnda er til stades på dei to 17. mai-øvingane.

I år er det Oda Johannesen Hernes og Ingrid Skrindo som er danseleiarar!

Framsyning på Ensjøtunet

I god tradisjon dansar Leikarringen framsyning på Ensjøtunet kl. 16.00, oppmøte 15:30. Inkl. kake og kaffi så held det på til rundt 17.00. Ønskjer du å vere med å spreie litt danseglede til den eldre garde, så kan du sende ein e-post til Signe-Marie Hernes Bjerke: [email protected].

Program på Ensjøtunet 2024:

Tremannsril fra Aure
Tretur frå Fana
Seksmannsril
Eikerril
Lars Lenkelifot
Flaumen går
Ung Åslaug
Strid for fred
Bunadframsyning
Mølledansen
Åttetur fra Asker
Rugen / Reinlender
Halling
Pols
Vardevakt

Brusteinsballet

Bondeungdomslaget i Oslo arrangerer Brusteinsball på Universitetsplassen i Oslo kl. 18.14-20.00.

Dette er ein gatefest for alle som vil vere med å på leik og folkedans. Det er stort oppmøte og god stemning med stor blanding av barn og vaksne, med og utan bunad, med svært varierande dansekunnskap, og turistar og folk frå byen. I år er det Tone Ingvaldsen som er danseleiar!

Program for Brusteinsballet

Kl. 18:14 Songlaget i BUL (blandakor) syng tre songar inkl. Ja vi elsker.
Kl. 18:25 Brusteinsballet opnar med polonese. Leikarringen i BUL demonstrerer og retteleier alle som vil vere med.
Dans og leik fram til kl. 20:00

Bondeungdomslaget i Oslo ønskjer alle ei feiande flott feiring av nasjonaldagen!

Tidsplan Karl Johan

Tid – anslag Stad Kva
09:00 Egertorget Oppmøte
09:15 Bind deg ein blomekrans (x2)
Åttetur frå Asker (x2)
Marsj 4 par
Rosenkrantz gate Lars Lenkelifot (2 vers)
Pols (3 runder)
Ril frå Sandsvær
Marsj 4 par
Tanum Rugen (x2)
Parhalling + halling (BULder og Brak)
Marsj 4 par
Universitetsplassen Tretur frå Fana (3 runder)
Seksmannsril (x2)
Halling (BULder og Brak)
Marsj 4 par
Fredriks gate Firetur frå Romerike (x2)
Ril frå Dønna
Bind deg ein blomekrans (x2)
Marsj 4 par
Slottsplassen Åttetur frå Asker (x2)
Ril frå Sandsvær
Rugen (x2)
Halling (BULder og Brak) + parhalling med alle
Seksmannsril (x3)
ca. 10:15 Ferdig