17. mai med Bondeungdomslaget i Oslo

Det blir i år tradisjonen tru både folkedans før barnetoget på Karl Johan og Brusteinsball på Universitetsplassen.

Dans på Karl Johan

I 2024 er det 50. gong Leikarringen dansar frå Egertorget til Slottsplassen, eit fast innslag i 17. mai-programmet i byen sidan 1972 med unntak av dei to pandemi-åra.

Alle som vil vere med, anten som dansarar eller berre som følgje, må melde seg på innan 6. mai!

Aldri vore med på å danse på Karl Johan på 17. mai før?
Om du ikkje har vore med før, eller ein eller fleire av dansane på danselista er ukjende for deg er det obligatorisk oppmøte på grunnkursa 24. april og 1. mai kl. 20.00-22.00. Her får du ein god innføring i dansane slik at du har den nødvendige kunnskapen for å kunne delta på dei vanlege 17. mai-øvingane.

17. mai-øvingar
Den 7. mai og 14. mai er det 17. mai-øvingar for dei som skal vere med på Karl Johan. Alle som skal vere med å danse må vere med på minimum 1 øving.

Dansarar frå andre lag er hjarteleg velkomne til å vere med, men på dei vilkåra som står over.

Unntak for vilkåra om øvingar må bli avtalt med leiar i 17. mai-nemnda, Hallvard Øfstaas (tlf. 41 62 18 92). Evt. send epost til [email protected].

Påmeldingsskjema finn du her.

Oppmøte for alle dansarar kl. 09.00 på Egertorget.

Me er ferdige med å danse på Slottsplassen ca. kl. 10.15. Når me er ferdige med å danse på Slottsplassen får me gå innafor sperringa framfor slottet. Der blir det felles gruppebilete før alle går kvar til sitt (evt. blir ståande for å sjå på barnetoget).

For å vere med å danse må du stille i bunad eller tilsvarande folkedrakt frå anna land, med unntak av russen som får danse i russedress. Leikarringen eig ei rekke bunader medlemmane kan låne ved behov. Ta kontakt med bunadsnemnda eller styret i Leikarringen om du treng hjelp. Bunadsnemnda er til stades på dei to 17. mai-øvingane.

Vegar Vårdal og Solveig Brekke Hauknes er danseleiarar i år òg. Med seg til å spele har dei Bjørn Kåre Odde og Mads Erik Odde.

Framsyning på Ensjøtunet

I god tradisjon dansar Leikarringen framsyning på Ensjøtunet kl. 16.00. Inkl. kake og kaffi så held det på til rundt 17.00. Ønskjer du å vere med å spreie litt danseglede til den eldre garde, så kan du sende ein e-post til Signe-Marie Hernes Bjerke: [email protected]

Folkemusikk-lønsj?

I fjor hadde me stor suksess med felles folkemusikk-lønsj mellom slaga, men har førebels ingen stad å vere. Ønskjer du å opne hagen/stova for andre medlemmar, så sei gjerne ifrå på epost til [email protected] eller til nokon i styret.

Brusteinsballet

Bondeungdomslaget i Oslo arrangerer Brusteinsball på Universitetsplassen i Oslo kl. 18.14-20.00.

Dette er ein gatefest for alle som vil vere med å på leik og folkedans. Det er stort oppmøte og god stemning med stor blanding av barn og vaksne, med og utan bunad, med svært varierande dansekunnskap, og turistar og folk frå byen.

Program for Brusteinsballet

Kl. 18:14 Songlaget i BUL (blandakor) syng tre songar inkl. Ja vi elsker.
Kl. 18:25 Brusteinsballet opnar med polonese. Leikarringen i BUL demonstrerer og retteleier alle som vil vere med.
Dans og leik fram til kl. 20:00

Bondeungdomslaget i Oslo ønskjer alle ei feiande flott feiring av nasjonaldagen!

Program

09.00: Oppmøte på Egertorget

ca. 09.15–10.15: Leikarringen dansar opp Karl Johans gate

ca. 10.20: Gruppefoto framfor Slottet

13.00: Felles lønsj?

16.00: Framsyning på Ensjøtunet

18.14: Brusteinsball på Universitetsplassen

20.00: Dansefest i Nordahl Bruns gate 22

Danseprogram Karl Johan

Oversyn over dansepara.

Songdansar:

Musikkdansar:

Songtekstane finn de her.

Tidsplan Karl Johan

Tid – anslag Stad Kva
09:00 Egertorget Oppmøte
09:15 Bind deg ein blomekrans (x2)
Åttetur frå Asker (x2)
Marsj 4 par
Rosenkrantz gate Lars Lenkelifot (2 vers)
Pols (3 runder)
Sekskrossedans frå Brekke
Marsj 4 par
Tanum Rugen (x2)
Parhalling + halling (BULder og Brak)
Marsj 4 par
Universitetsplassen Firetur frå Romerike (x2)
Seksmannsril (x2)
Halling (BULder og Brak)
Marsj 4 par
Fredriks gate Ril frå Dønna
Tretur frå Fana (3 runder)
Bind deg ein blomekrans (x2)
Marsj 4 par
Slottsplassen Åttetur frå Asker (x2)
Rugen (x2)
Sekskrossedans frå Brekke
Halling (BULder og Brak) + parhalling med alle
Seksmannsril (x3)
ca. 10:15 Ferdig