Informasjon om Allianseklubbens stevneserie, NM Mangekamp og Einar Brynemo Memorial

Startliste
Startliste på OpenTrack her.

Tidsskjema


Forfall
Gje beskjed til [email protected] på førehand om du ikkje kan delta.

Inngang 2
Utøvarar og trenarar slepp inn frå Martinius Lørdahls plass (Grete Waitz-statuen/Inngang 2). Vakta vil tillata tilgang til personar som er påmelde eller har fått akkreditering, og ser til at alle har registeret namn, telefonnummer og bustadkommune. Utøvarar og trenarar som er ferdig med konkurransen må forlata stadion.

Avkryssing og startnummer for løp
Alle deltakarar i løp må henta startnummer seinast 1 time før øvingsstart i sekretariatet. Henting av startnummer blir rekna som avkryssing.

Direkte oppmøte for tekniske øvingar
Kast og hopp møter direkte på øvingsstaden, og bruker ikkje startnummer.

Publikumsforbod og trenerakkreditering
Det er publikumsforbod på toppidrettsarrangement i Oslo. Trenarar må søka akkreditering i løpet av torsdag 27. mai. Det er berre faktiske trenarar som vil få tildelt akkreditering, og berre forhåndsakkrediterte som slepp inn på Bislett stadion. Akkrediterte trenarar må opphalda seg på tribunen og kan ikkje vera på innandørsbanen eller på utandørsbanen.

TRENERAKKREDITERINGSSØKNAD HER.

Smittevern

Oslo kommune si koronaforskrift er strengare enn den nasjonale forskrifta.

  • Det er arrangementsforbod i Oslo med unntak for toppidrett. Det er publikumsforbod.
  • Det er påbode med to meter avstand til andre, med unntak for utøvarar i konkurranse. Munnbind blir nytta om ikkje to meter kan bli overhaldt. (For utøvarar vil det seie at det er forbode med kroppskontakt frå i det du går i mål, altså ingen klemming eller handkontakt).
  • Er du sjuk, i karantene eller har mistanke om at du er smitta, er det forbode å delta.
  • Alle er pålagt å registrere seg med namn, telefonnummer, klubb og bustadkommune ved framkomst. Berre deltakarar, akkreditert media, akkrediterte trenarar og funksjonærar får sleppe inn.
  • Vask hender hyppig og bruk desinfeksjonsmiddel.
  • Unngå offentleg transport.

Akkrediterte trenarar må opphalde seg på tribunen og kan ikkje vere på innandørsbanen eller på utandørsbanen.