Vil du leie aktivitets- og kulturorganisasjonen BUL Oslo?

Den daglege leiaren vår skal ut i foreldrepermisjon, og vi søker no ein vikar for henne dei neste 12 månadane. Det er mogelegheit for fast tilsetting etter denne perioden.

Vår noverande daglege leiar tok over denne stillinga sommaren 2020, då dåverande dagleg leiar slutta. Ho hadde før stillinga som organisasjonskonsulent i BUL og fordi COVID-19 bydde på usikre tider økonomisk, har vi venta med å erstatte stillinga som blei ledig. No som ho skal ha foreldrepermisjon ynskjer vi å nytte moglegheita til å få inn ein ny person som – dersom det er ynskjeleg frå begge partar – held fram i BUL etter permisjonen er over. Dette betyr at stillinga i permisjonstida ikkje vil vere heilt lik den stillinga ein held fram i, men vi ynskjer å tilpasse oppgåvene og arbeidsfordelinga til dei to tilsette.

Til denne stillinga vil vi gjerne ha ein allsidig person og vi håpar at du sender oss ein søknad dersom du synest jobben verkar spennande.

Håpar å høyre frå deg!

https://www.finn.no/218397336