Årsmøte i Bondeungdomslaget i Oslo 2021

Styret kallar inn til årsmøte onsdag 24. mars kl. 18.00. Vi tek siktet på å avvikle møtet digitalt med moglegheit for oppmøte i Teatersalen dersom smittevernsretningslinjene tillèt det.

Det er viktig for styret å vite kven som ønskjer å delta på førehand, slik at vi kan sende deg lenkja til møtet og annan relevant informasjon om gjennomføringa av årsmøtet.

NB! Dersom du ikkje kan delta digitalt, men likevel ønskjer å vere på møtet, ber vi deg ta kontakt med Lagskontoret på tlf. 905 14 160. Når møtet nærmar seg vil vi sjå om vi kan ta i mot ei mindre gruppe i Rosenkrantz’ gate 8.

Alle sakspapir blir gjort tilgjengeleg på denne sida seinast to veker før møtet. Ta kontakt med Lagskontoret dersom du ønskjer at vi sender deg sakspapir i posten.

For å ha stemmerett og kunne bli vald til verv må du ha vore medlem av Bondeungdomslaget i Oslo i minst tre månadar, vere over 14 år, og ha betalt medlemskontingent for 2021. Dersom nokon har spørsmål eller kommentarar ber vi deg ta kontakt med styreleiar Terje Svindseth på telefon 916 11 717 eller Lagskontoret på tlf. 905 14 160.

Velkomen til årsmøte!

Beste helsing

Styret