Vår utøvar Heidi Weng deltok i Ski-VM 2021 i Oberstdorf 24. februar til 7. mars.
Ho deltok i 15 km skibyte, 10 km fri, stafett og 30 km klassisk.

Første halvdel av VM var det ikkje fullklaff. På 15 km skibyte gjekk ho inn til ein 9. plass og på 10 km fristil gjekk ho inn til ein 14. plass.

Heidi kjempa seg godt tilbake i siste halvdel, då ho under stafetten gjekk ein god andre etappe kor ein av Noregs største utfordrarar (Sverige) tapte meir og meir. Til slutt gjekk Noreg sigrande og heilt suverene heim med VM-gull rundt halsen.

Nokre dagar seinare var det siste øving i VM, nemleg 30 km klassisk. I den siste bakken tok ho tak og spurta ifrå dei svenske rivalane Frida Karlsson og Ebba Andersson. Men det skulle ikkje skje utan litt drama. Etter ein times tid ut i rennet blei nemleg Heidi felt av dei to svenskane i ein bakke. Likevel kan Heidi stå stolt og glad på pallen med sin sølvmedalje rundt halsen etter ein rå avslutning på løpet.

Vi er stolte over å ha Heidi Weng i klubben vår og gratulerer så mykje med VM-gull i stafett og VM-sølv på 30 km!