Onsdag 20. mars var det årsmøte i Bondeungdomslaget i Oslo. Det var 40 som hadde møtt opp for å vere med på røyste fram nytt styre, gjennomgå årsmeldingar, budsjett og rekneskap. Ny strategiplan for 2019-2024 og handlingsplan for 2019 vart også vedtekne.

Etter tre forsøk var det endeleg nok medlemmer til stades for å gjere ei lovendring, nemleg nedlegging av kontrollnemnda. Kontrollnemnda vore at to personar går gjennom rekneskapane og vetak og gjeve melding til årsmøtet. Framlegget var at denne ordninga skulle takast bort sidan både laget og Bøndenes Hus AS har statsautoriserte revisorar som fører fullgodt ettersyn med økonomien.. Lovendringa gjekk gjennom mot ei stemme.

Årsmøtet vedtok også å endre styringsføresegnene i BUL. Styringsføresegnene er praktiske retningslinjer for korleis laget skal drivast. Endringane skal gjere det lettare å få folk til tilitsverv, m.a. ved at styremedlemmer i særlaga no kan vere med i lagsstyret. Det er vanskeleg å få folk til å vere med i valnemnda, som skal finne folk til alle verva. For å lette dette skal no særlaga gjere framlegg om ein person kvar til å sitte i nemnda.

Den vanskelegaste saka var nok likevel endring av vedtektene i Bøndenes Hus AS. Styret i Bøndenes Hus ønskte eit generelt løyve for alkoholservering på Bondeheimen og Kaffistova. Argumenta for dette er at for å sikre god og berekraftig drift av selskapa våre må vi vere i takt med den marknaden vi opererer i og tilpasse oss utviklinga for økonomi og trendar lokalt, nasjonalt og globalt. Tilgangen på hotellrom i Oslo aukar med 17 % i ein treårsperiode fram mot 2020. Dette set romprisen under sterkt press, samtidig som gjestene forventar stadig meir av eit hotellopphald, og auka fokus på gjesteopplevingar og sal av tilleggstenester.

Hotell Bondeheimen har tatt eit val om å vere eit hotell med god standard, god service og god atmosfære. I dagen konkurransesituasjon vil ikkje eit alkoholfritt hotell klare å halde dette nivået over tid. Med sterkt aukande konkurranse lokalt og potensielt sterkare kronekurs (dyrare for utanlandske gjester og billegare for nasjonale gjester å dra utanlands) er det aukande sannsynlegheit for svakare økonomiske tider. Bøndenes Hus bør derfor sette i gang tiltak som gjer selskapet betre rusta til å møte dårlegare tider.

Det var ein veldig god og grundig debatt der både dei som ville røyste i mot og for hadde gode og kjenslesterke innlegg. Det var tydeleg at dette ikkje har vore ei enkel sak for nokon, og at dette er ei eventuell endring ingen har tatt lett på. Det kan den grundige handsaming før årsmøtet bere vitne om. I år vart saka diskutert på lagsmøte 6. mars, og handsama i lagsstyret, og på rådsmøte og omfram generalforsamling 13. mars. Men prosessen starta seinhaustes 2015, då det også var eit lagsmøte for å diskutere alkohol og edruskap. I år var det tredje gong saka var oppe på eit årsmøte, og alle gonger har eit fleirtal gått inn for ei prøveordning i lukka lag, og no altså permanent løyve..

Etter at ordskiftet var ferdig, røysta årsmøtet over saka, og etter skriftleg røysting, blei saka godkjent med 28 røyster for (72%), 10 røyster mot (26%). Det var ei blank røyst.

Terje Svindseth var attvald som styreleiar, og han får med seg Julie Farseth Berg (nestleiar), Olav-Johan Øye, Gunnvald Grønvik, og Heidrun Sølna Øverby (ny) i styret. Varamedlemmer er Anne Cathrine Johansen, Øystein Grønmyr (ny) og Heidi Gunnhildberget Einarsrud (ny).

Øystein Gammersvik held fram som leiar i Bondehytta, medan Tormod Bønes er ny leiar for Røkleivhytta. Kari Bjørke er ny ordførar i rådet, etter at Kåre Lilleholt no blir pensjonist og flyttar frå Oslo.

Sælaga har også hatt årsmøte. Desse er no særlagsleiarar: Håvard Hasås i IL, Audun Grüner Hegge i Leikarringen, Asbjørn Gjerde Lund i Songlaget og Endre Flatmo i Teaterlaget.