UM 2019 innandørs blei arrangert i Ulsteinvik
Rapport frå Unni Helland:
BUL sin tropp bestod av 18 deltakarar og samarbeidspartnaren vår Nesodden med sine 4.
Overnatting på Sunnmøre Folkehøgskule, ein perfekt stad like i nærleiken av Ulstein Hallen.
Fredag
Dette blei ein fin opningsdag av UM for utøvarane våre med 4 medaljar:
Gull til Josefina Biernacki J-16 60 m hekk 8.83 ny «pers» + kvalifisert til 60 m semi laurdag
Sølv til Elea Jørstad Bock J-17 60 m hekk 8.93
Sølv til Anna Worpvik J-u23 400 m 61.67 ny pers
Bronse til Camilla Lunde Colleuille J-u23 400 m 62.13
Nr. 4 Steffen Gaustad G-18/19 Tresteg 12.64 ny pers
Vi hadde fleire utøvarar som var på sitt første meisterskap:
Sarah Ejisi J-15 60 m forsøk til finale laurdag
Wiktoria Sochal J-15 60 m forsøk til finale laurdag
Aksel Moen-Kristiansen G-15 60 m forsøk ny pers 7.89 semi laurdag
Sander Werge Nilsen G-16 60 m forsøk klarte ikkje finaleplass laurdag
Tøft å gå frå forsøk og direkte til finale
Laurdag
Aksel Moen-Kristiansen G-15 60 m semifinale 7.83 pers ikkje finale. Skada seg på 800 m og måtte bryte.
Sander Werge Nilsen G-16 200 m forsøk 25.23 ny pers ikkje finale.
Theodore Fremstad-Waldron G-17 60 m forsøk ikkje finale, i lengde blei det berre ugyldig hopp.
Per Tinius Fremstad-Waldron G-18/19 60 m forsøk vann sitt heat på 7.18, men fekk problem med låret og måtte difor trekkje seg.
Thomas Graftås G-18/19 Flott løping i heata nr. 5 i finalen 7.20 og pers.
Philip Jason Omollo G 18/19 60 m forsøk 7.33 – semi 7.32 ikkje finale.
Anders Nikolai Bovolden G 18/19 60 m forsøk, kom ikkje vidare.
Magnus Kringstad G-u23 60 m forsøk fekk problem og kom ikkje til mål.
Sarah Ejisi J-15 60 m finale 5. plass 8.31 forsøk 200 m til finale.
Wiktoria Sochal J-15 60 m finale 6. plass 8.37 forsøk 200 m ikkje finaleplass.
Josefina Biernacki J-16 60 m semi, ikkje finaleplass.
Elea Jørstad Bock J-17 3. plass 60 m 8.00 forsøk 7.98.
Angelica Okparaebo J-u23 60 m forsøk 7.98 5. plass finale 7.97. Begge løpa var hennar første løp under 8 sek.
Iselin Rustad J-u23 60 m forsøk ikkje til finale.
Camilla Lunde Colleuille J-u23 1. plass 800m 2.24.94.
Søndag
Theodore Fremstad-Waldron G-17 200 m forsøk ikkje finaleplass.
Thomas Graftås G-18/19 4. plass 200 m finale, 200 m forsøk 22.51 pers.
Philip Jason Omollo G 18/19 2. plass 200 m finale 22.31 pers.
Anders Nikolai Bovolden G 18/19 200 m forsøk, kom ikkje vidare.
Steffen Gaustad G-18/19 Lengde 5.95 , ikkje finale.
Sarah Ejisi J-15 3. plass 200 m 26.32.
Stafettar 4 x 200 m
Dette er øvinga som skapar mykje nervar og spenning,i tillegg til lagfølelse.
J-15-17 år
Ein flott 3. plass for jentene som har lite rutine på slik stafett.
Sarah Ejisi, Josefina Biernacki, Elea Jørstad Bock, Wiktoria Sochal
J-u23
4. plass i denne klassen. Her var jentene litt meir rutinerte, men dei er ikkje så godt vande med å løpe 200 m.
Angelica Okparaebo, Anna Worpvik, Iselin Rustad, Embla Granly
G-u23
2. plass for gutane denne gong. Her måtte vi inn med reserve for reserve. Gutane leia etter tre etappar. Det blei ei stor oppgåve for reserven på siste etappe, men Theodore gjorde ein kjempejobb slik at dei blei «sølvgutar».
Thomas Graftås, Philip Jason Omoll, Anders Nikolai Bovollen, Theodore Fremstad-Waldron.
Dette laget kan løpe i 4 år til.
Ein fantastisk gjeng å ha med på tur.
Oppsummering
2 gull
4 sølv
4 bronse