Årsmøtet 2022

Kjære medlem av Leikarringen i BUL Oslo!

Styret kallar med dette inn til årsmøte i Leikarringen, tysdag 1. mars 2022 kl. 19:00. Det vert ikkje vanleg danseøving denne kvelden.

Stad: Lagsrommet (same inngang frå gata som til Teatersalen), Rosenkrantz» gate 8

Styret oppmodar medlemmene om å komme på årsmøtet! Ikkje-medlemmer som er interesserte er hjarteleg velkomne, men har ikkje røysterett.

OBS! Årsmøtepapira vil i år berre ligge tilgjengeleg på denne sida, lenke til denne artikkelen vert sendt på e-post til medlemmer. Ta kontakt med [email protected] dersom du ikkje får åpna dokumenta under.

Det vert heller ikkje delt ut sakspapir på årsmøtet, dersom du ynskjer sakspapira på papir må du anten skrive dei ut sjølv, eller gi beskjed, slik at styret kan skrive ut til dei som treng dette.

Vel møtt!

Her finn du dokumenta til årsmøtet 2022: