I helga var det duka for NM innandørs i Ulsteinvik. Klubben sende ein liten tropp til Møre og Romsdal, men fekk 1 gull og 1 bronse!

Laurdag 05. februar

400 m – Menn

Tor-Junor Vedde opna dagen med å løpa inn til 2. plass i heatet sitt på tida 49,29, og valde å ikkje til start i finalen grunna ein lita kjenning i låret.

60 m – Kvinner

Angelica Okparaebo stilte til start i heat 3 i forsøket og gjekk inn 6. plass til 8,11.

Stav – Kvinner

Lene Retzius kom inn i konkurransen på høgda 4,00 m og gjekk over på første forsøk. Ho heiv så lista til 4,20 m og gjekk òg her over på første forsøk. Lista vart så lagt på 4,35 der ho ikkje kom seg over. Enda på 4,20 m og tok gullmedaljen, den fjerde tittelen hennar innandørs.

1500 – Menn

Filip Meo gjekk inn til 11. plass med tida 4,08,88

Søndag 06. februar

Lengde utan tilløp – Kvinner

Både Lene Retzius og Angelica Okparaebo hadde meldt seg på denne øvinga. Lene enda til slutt på ein 5. plass med lengda 2,56 m som også er personleg rekord. Angelica enda på 11. plass med lengda 2,33 m.

3000 m – Menn

Filip Meo stilte òg til start på 3000 m og sprang her inn til ein 12. plass på tida 8,23,84.

800 m – Menn

Leon Douglas gjekk inn på tida 1,56,41 som held til ein bronsemedalje.

Takk for innsatsen og gratulerer til medaljørane!