Astrid Marie Grov tilsett som dagleg leiar i BUL

Astrid Marie Grov (36) er tilsett i eit vikariat som dagleg leiar i Bondeungdomslaget i Oslo.

Astrid er frå Tinn i Telemark og kjem frå ei stilling i Noregs Mållag, der ho arbeider som kommunikasjonsrådgjevar og redaktør for medlemsbladet Norsk Tidend. Ho har bakgrunn som språkvitar og journalist frå Språkrådet og NRK og er no i gang med ein master i rettsvitskap.

Astrid har vore innom BUL tidlegare, då ho var med i Songlaget, der ho også var styremedlem frå 2013 til 2014. I tillegg har ho hatt fleire tillitsverv i målrørsla.

BUL Oslo er ein unik organisasjon i hovudstaden som eg ser fram til å bli ein del av, seier ho.

Vi ser fram til at Astrid tek til i stillinga 1. september, før dagleg leiar Kari Velure går ut i foreldrepermisjon i slutten av den månaden.