Bli ein del av Leikarringen i BUL Oslo

Ta del i dei spennande rollene våre og bidra til fellesskapet!

Leikarringen har hatt ei kjempefin utvikling den siste tida, og me utvidar stadig vekk vårt tilbod med fleire vekentlege aktivitetar, turar og andre arrangement.

For å letta arbeidsbyrda på styret og fordela oppgåver jamnare, søkjar me no dedikerte medlemmer til fleire frittståande verv. Desse rollene spenner frå å koordinera turar til å driva dei sosiale mediekanalane våre og sørgja for smidig gjennomføring av arrangement.

Rolleskildringane under er ikkje uttømmande, men gir ein indikasjon på omfang.

Alle roller vil få støtte frå medlemmer i Rådet eller frå styret i Leikarringen, inkludert moglegheit for mentor-ordning ved behov. Verva gir ei unik moglegheit til å bidra til veksten og utviklinga av Leikarringen.

Dei ulike rollene kan du gjere åleine eller saman med nokon andre dersom de vil det.

Ta kontakt med Torbjørn Bergwitz Lauen eller andre i styret dersom du er interessert i å bidra.

Epost: [email protected]
Tlf.: 95 96 94 75

Me ser fram til å ha deg med på laget, og til å skapa uforgløymelege augneblinkar saman! 

Sosiale media / informasjonsarbeid

  • Ansvar for våre Facebook- og Instagram-sider
  • Oppdatere nettsida og kalenderen
  • Dele informasjon om Leikarringen i relevante kalendrar og plattformer

Kappleikskoordinator:

  • Koordinera påmeldingar internt og ordna felles overnatting
  • Sørge for musikar til øving og på tevling
  • Melde på til kappleikar

Tur-koordinator:

  • Organisera hytteturar og koordinera deltaking på andre arrangement

Oppdragskoordinator:

  • Handtera førespurnader og koordinera dansarar og musikarar
  • Avklare honorar for oppdrag

(oppdragskoordinatorar får eit lite honorar pr. oppdrag)

17. mai-nemnd:

  • Koordinera påmelding og sette saman par til dansen opp Karl Johan
  • Kontakte musikarar og instruktørar til øving og gjennomføring
  • Sørgja for musikkanlegg langs Karl Johan og ved Brusteinsball
  • Sørgja for musikarar, danseleiar og danseførebilete til Brusteinsball

Hallvard Øfstaas er leiar for 17. mai-nemnda 2024, og treng gode hjelparar.
Epost: [email protected]

Dansefest-koordinator:

  • Arrangera lønningspols og/eller eventuelle ekstraordinære leikfestar
  • Booke musikarar
  • Sørgja for nødvendig utstyr og bevertning

Velkomstgjeng:

  • Registrera oppmøte og ønske nye medlemmer velkommen på øving

Pausegjeng:

  • Sørgja for drikke og eventuelle snacks til pausen, inkludert innkjøp ved behov (Leikarringen har eit eige betalingskort du kan bruke)