Mange flotte BUL-prestasjonar under forøvingane til Oslo Bislett Games i går kveld!

IL i BUL stilte med sju utøvarar til start. Her an du lese korleis det gjekk:

Solbeig Bustgård gran har bytta hovedøving til 800 meter denne sesongen, og satt årsbeste og pers med 2,09,35 i Moelv 21. mai. På Bislet i går gjekk det litt tyngre, men resultatet 2,12,42 er absolutt godkjent.

I det nasjonale heatet på 400 meter for menn hadde BUL to av åtte utøvarar. Leon Samuel Douglas Mjaaland persa med tida 48,28 og blei nummer 6. Tobias Bank Gulbrandsen var like bak sin årsbeste og personleg rekord med 49,71.

I det nasjonale A-heatet på 100 meter for menn, hadde vi også to utøvarar til start. Her blei Per Tinius Fremstad-Waldron nummer fire med 10,57, eit drøyt tiendel bak sin årsbeste og pers. Edem Agbo persa med tida 10,65.

I det nasjonale B-heatet på 100 meter for menn, blei det unge stjerneskotet Christopher Ekene Nordlie desverre diska for tjuvstart.

På den nasjonale 200-meteren for menn stilte Stephan Skogheim Kyeremeh til start. Han fekk dessverre ein skade og kunne ikkje fullføre løpet. Vi håper han kjem raskt tilbake!

Takk for innsatsen til alle BUL-utøvarar!

For fullstendige resultat frå stemnet, klikk her