Vivil-lekene 2023

Dag 1

Handballaget vårt jakta medalje etter to seiar og ein uavgjord i det som vart tre dramatiske og tøffe oppgjer. Siger i to av dei siste kampane i morgon ville gi finale, men tøffa oppgjer venta også der.

Fotball stilte med to lag og begge ligg an til finale i morgon etter full pott på dag ein.
Vakre mål og flott spel i sola.

Tradisjonsmessig bruka BUL å få det tyngre søndagen, men klarer me å mana heim ein pokal eller tre?

Dag 2

GULL – SØLV – BRONSE

Vi tok like så godt å sikra oss heile spekteret på siste dag av Vivil-leikane.

Handball var ikkje langt unna ein finale, men då dei måtte nøya seg med bronsefinale viste dei høg arbeidsmoral og dedikasjon til ytste fingerspiss. Utan innbytarar hadde dei kontroll kampen gjennom og kunne jubla for ein herleg bronse og ein strålande helg mot tøff motstand. No kan handball ta turneringsfri fram til landsturneringa i september.

BUL 1 spelte seg heilt til finalen og trudde dei hadde gullet i boks med få sekund igjen. Dessverre utlikna ViVil sekundet før slutt og kampen gjekk til «golden goal», der heimelaget Vivil fekk krangla inn sigersmålet. Tøft for spelarane som la ned ein enorm jobb og blokkerte skotet som om livet stod på spel i finalen.

BUL 2 kom også til finalen etter glimrande spel i gruppa. Finalen var jamn og tett, men leidd av herlege keeperprestasjonar og gode skotføter kunne gjengen jubla for GULL. Heile Bærum kunne høgre jubelbrølet.

Ein stor takk til spelarane som kjempa gjennom helga, foreldre og venner som stilte på.

Ein ekstra stor takk må rettast til Øyvind Engh (Far til Jørgen) som gjennom helga bidrog som hjelpetrenar for BUL 2