17. mai-feiring med BUL

Brusteinsballet 2024

17. mai er ein festdag for alle. I BUL har me lange tradisjonar med å feira med dans, song og fest i Teatersalen. Om morgonen kan du sjå Leikarringen dansa opp Karl Johan, og om kvelden kan du sjølv få svinga deg i dansen på Brusteinsballet. Dei siste åra har det ikkje vore samling i Teatersalen, men mange lagsfolk feirer likevel grunnlovsdagen saman.

Leikarringen dansar opp Karl Johan

Tradisjonen tru, dansar Leikarringen BUL Oslo opp Karl Johan på 17. mai, ca kl. 09:15 frå Egertorget. Dette er ein del av det offisielle 17. mai-programmet til Oslo kommune, og i 2025 blir det gong nummer 51 at dette skjer. Er du morgonfugl, er dette vel verdt å få med seg som ein start på grunnlovsfeiringa. Skal du delta på dette sjølv, eller vil vita meir om kva Leikarringen har på programmet 17. mai, så finn du meir info her.

Brusteinsballet

Kl. 18.14 presis inviterer Bondeungdomslaget i Oslo til det tradisjonsrike Brusteinballet på Universitetsplassen. Songlaget i BUL opnar ballet med nasjonale tonar før Leikarringen i BUL byr opp til dans.
Brusteinsballet, som er del av Oslo kommune sitt offisilelle 17. mai-program, er ein gratis gatefest for alle som vil vera med på leik og folkedans. Du behøver ikkje kunna noko om folkedans, det er berre å slenga seg med, saman med alle andre som møter opp. Ofte er dette ei god blanding av barn og vaksne, turistar og folk frå byen, med og utan bunad.
Ballet er slutt kl. 20.00.

Program for Brusteinsballet

Kl. 18:14 Songlaget i BUL (blandakor) syng tre songar inkl. Ja vi elsker.
Kl. 18:25 Brusteinsballet opnar med polonese. Leikarringen i BUL demonstrerer og rettleier alle som vil vera med.
Dans og leik fram til kl. 20:00

Bondeungdomslaget i Oslo ønsker alle ei feiande flott feiring av nasjonaldagen!