BUL leverte frå start til slutt under Junior-NM 2026!
I helga arrangerte IL i BUL, saman med SK Vidar, Junior-NM på Bislett stadion. IL i BUL stilte sjølv med 30 utøvarar på startstreken, og sikra seg mange gode resultat.
Sterke resultat på 100m
BUL markerte seg sterkt på 100 meter, med fleire gull og ein komplett BUL-pall i U20-klassen for menn.
Christopher Ekene Nordlie tok gull på 10,62, Henrik Daniel Ambrose Willet tok sølv på 10,63 og Richard Parwon Dahn bronse på 10,71 i U20 klassa. Også Sofie Felicia Murai-Ubby gjekk heilt til topps og vann 100 meter U20 på 11,84, berre eitt hundredel bak sin personlege rekord.
I U23-klassen tok Christian Nicholas Wright gull på 10,60, medan Franz Philip Pap Holmen blei nummer fire med 11,01. Nora Jazz Proctor tok seg til finalen på kvinnene sin 100 meter og blei nummer seks med 12,43.
Fleire medaljar på 200m
På 200 meter blei det nok ein trippelsiger til BUL-gutane i U20-klassen, denne gongen med personlege rekordar på alle tre. Christopher Ekene Nordlie vann på 21,05, Henrik Willet tok sølv på 21,21, medan Richard Dahn tok bronse på 21,26. Jonas Mæland Rosholt blei nummer seks i finalen og sette ny personleg rekord på 22,11 i semifinalen.
Hannah Rebekah Murai-Ubby tok gull på 200 meter i U18-klassa med 24,42, medan Christian Nicholas Wright sikra sitt andre individuelle gull med siger på 200 meter U23 på 21,43.
Gull og bronse på 400 meter
Lilje Lopes Patey løp inn til gull på 400 meter U20 med tida 55,30.
I U23-klassen tok Christian Nicholas Wright bronse på 48,54, medan Jonas Gruner Mørck følgde like bak på fjerdeplass med 48,63.
Medaljar i hopp og kast
Thomas Viksaas Biermann gjekk heilt til topps i lengde U20 med 7,09 meter. I U23-klassen blei Franz Philip Pap Holmen nummer fem med 6,05 meter.
I kastburet sikra Sigurd Smitt-Ingebretsen bronse i slegge U20 med 49,64 meter, og blei i tillegg nummer fire i diskos med 38,54 meter.
Tre gull på stafett
BUL fekk ei strålande avslutning på meisterskapen med gull på tre av fire lag på 1000 meter stafett.
U20-laget for kvinner med Mia Fjeldheim Skjerven, Mathilde Falck, Hannah Rebekah Murai-Ubby og Lilje Lopes Patey vann på 2.13,99.
U20-laget for menn med Henrik Daniel Ambrose Willet, Christopher Ekene Nordlie, Richard Parwon Dahn og Jonas Mæland Rosholt tok gull på 1.53,96.
U23-laget for menn med Thomas Viksaas Biermann, Franz Philip Pap Holmen, Christian Nicholas Wright og Jonas Gruner Mørck vann på 1.53,95.
Personlege rekordar
Det blei også sett fleire personlege rekordar i løpet av meisterskapen:
- Richard Parwon Dahn – 100 meter (10,71) og 200 meter (21,26)
- Jonas Mæland Rosholt – 200 meter (22,11)
- Christopher Ekene Nordlie – 200 meter (21,05)
- Henrik Daniel Ambrose Willet – 200 meter (21,21)
Ein stor takk til SK Vidar, og til alle frivillige, funksjonærar, trenarar og andre som bidrog til å gjennomføre ei flott meisterskapshelg på Bislett!
Vi gratulerer alle utøvarane med sterke prestasjonar og eit strålande Junior-NM!


