Ja til lokale, norske namn med lang tradisjon, og ikkje meir Kristiania/Christiania
I samband med bydelsreformen bystyret i Oslo vedtok i juni har namneforslag på dei åtte nye bydelane vore ute på høyring. BUL Oslo har i høyringssvaret sitt poengtert at byrådet bør, i tråd med norsk namneskikk, nytte tradisjonelle stadnamn og ikkje difuse områdeeiningar eller konstruert og nylaga namn. Vi meiner også at byrådet ikkje bør ta opp igjen bruken av Kristiania/Christiania namnet. Heile høyringsinnspelet kan du lese under.
Vil du lese meir om høyringa, namnekriterium og arbeidet med saka elles finn du det på Oslo kommune sine nettsider.
Høyringsinnspel frå Bondeungdomslaget i Oslo: Ja til lokale, norske namn med lang tradisjon, og ikkje meir Kristiania/Christiania
Bondeungdomslaget (BUL) i Oslo meiner arbeidsgruppa har kome med mange gode framlegg til bydelsnamn. Fleire av dei er velkjende, etablerte og dekkjande norske namn som vil vere gode val for dei nye bydelane. Det er også bra at det er presisert at retningslinene til Språkrådet for namnsetjing og lov om stadnamn skal følgjast.
Vi har likevel eit par viktige innspel og merknader:
- Ingen av namna på bydelane bør innehalde ordet Kristiania/Christiania.
Namn er eit verdispørsmål, og ikkje berre pynt. Det er ikkje meir enn vel 100 år sidan Stortinget valde vekk Kristiania-namnet til fordel for det norske namnet på området inst i Vika, Oslo. Å gje bydelane Kristiania-namnet, som er ei offentleg namngjeving, vil vere å ta det inn att bakvegen, og det meiner BUL i Oslo er heilt feil.
Folkeopinionen har også funne seg til rette med Oslo, noko til dømes den sjølvransakande leiaren til Aftenposten viste i høve 100-årsjubileet for namneskiftet for to år sidan, i kronikken Aftenposten var helt på jordet da Oslo fikk sitt fine navn. Sjølv skreiv vi ein kronikk i Dagsavisen saman med Noregs Mållag og Noregs Ungdomslag om kvifor val av namn er eit verdispørsmål: Oslo er 100 år. Hurra!
- Nokre viktige prinsipp:
I tråd med norsk namneskikk vil vi gå imot namn som ikkje er tradisjonelle stadnamn. Det gjeld også områdenemningar som er diffuse og knapt kan oppfattast som eigentlege stadnamn, slik som Oslo vest, Oslo øst, Oslo sør, Sentrum, Østkanten og Vestkanten. Vi går sterkt imot konstruerte og nylaga namn som til dømes Akersdalen og Strand. Byen vår er rik på gamle, norske stadnamn frå før, og det er blant dei me bør hente namna på dei nye bydelane. Det primære namneobjektet bør ikkje vere for lite eller for lokalt. Det bør oppfattast som nokolunde dekkjande for iallfall det meste av territoriet til bydelen, der det er mogeleg. Vi vil også leggje til at det bør tale til fordel for eit namn dersom det alt i dag er i bruk som bydelsnamn, såframt namnet framleis er nokolunde dekkjande som namn på den nye bydelen.
Vi vil føreslå denne lista med utgangspunkta i forslaga frå arbeidsgruppa:
Bydel 1: Ullern eller Vestre Aker
Bydel 2: Gamle Aker, eventuelt Frogner
Bydel 3: Gamle Oslo
Bydel 4: Frysja eller Sagene
Bydel 5: Bjerke
Bydel 6: Groruddalen
Bydel 7: Østensjø
Bydel 8: Nordstrand


Anders Stensland Olsen