Til minne om Dag Vårdal (1946-2023)

Dag Vårdal var ein høgt verdsett medlem i Leikarringen i BUL Oslo.

Gjennom sitt virke som dansar, musikar, innsamlar, forfattar og forskar, har Dag vore ein viktig ressurs for folkedansen og folkemusikken i Noreg gjennom ei årrekke.
Dei siste åra arbeidde Dag med det omfattande verket Samværsdansen i Christiania på 1800-tallet, utgitt i 2019. Dette er eit enormt imponerande verk som har stor betydning for danse- og musikkmiljøet.
Han fekk Kongens fortenestemedalje i 2019, og blei utnemnd til heidersmedlem av Noregs Ungdomslag i 2021.

Bondeungdomslaget i Oslo takkar Dag for innsatsen og det brennande engasjementet.

Vår djupaste medkjensle og kondolansar går til familien og etterlatne.