Årsmøte i Leikarringen 28. februar

Gode medlem av Leikarringen i BUL Oslo!

Styret kallar med dette inn til årsmøte i Leikarringen, tysdag 28. februar 2023 kl. 19:00. Det blir ikkje vanleg danseøving denne kvelden.

Stad: Lagsrommet (same inngang frå gata som til Teatersalen), Rosenkrantz» gate 8

Styret oppmodar medlemmene om å komme på årsmøtet! Ikkje-medlemmer som er interesserte er hjarteleg velkomne, men har ikkje røysterett.

Det er på årsmøtet me bestemmer kva Leikarringen skal drive med i året som kjem, og korleis me skal jobbe. Under saka om Arbeidsplan 2023 blir det lagt opp til ei større innspelsrunde, og me ønskjer innspel på både team for øvingane, kor me skal reise på turar, kva ambisjonsnivå me skal legge oss på m.m.

Vel møtt!

OBS!

Årsmøtepapira vil berre ligge tilgjengeleg på denne sida, lenke til denne artikkelen blir sendt på e-post til medlemmer seinast 14. februar.

Under finn du dokumenta til årsmøtet 2023:

OBS!

Det blir ikkje delt ut sakspapir på årsmøtet. Om du ønskjer sakspapira på papir må du anten skrive dei ut sjølv, eller gi beskjed i god tid, slik at styret kan skrive ut til dei som treng dette.