Venelaget Samlagsrota, Bondeungdomslaget i Oslo og Målnemda i Bondeungdomslaget i Oslo inviterer til forfattarkveld i kjellarstova på Kaffistova.
Forfattar Bjørn Hatterud er aktuell med boka Far levde, og så var han død: ei bok om traktormekanikk, trekkspelmusikk, heimebrenning og umåla furu. Onsdag 4. november 18:00 møter du han i samtale med redaktør Cecilie Seiness frå Samlaget.
Far levde, og så var han død: ei bok om traktormekanikk, trekkspelmusikk, heimebrenning og umåla furu.
«Du ska skrive om meg. Og du ska skrive om æill driten å!»
Landbruksmekanikaren Tor Hatterud kom frå generasjonar av praktiske menn, gard- og skogbrukarar og husmenn i Veldre i Ringsaker. Han skrudde alltid, hadde hender fulle av sår og merke, gjekk milevis på ski, snakka gamalmodig veldredialekt og viste kjærleik gjennom å vaske bil. Sonen Bjørn er alt anna enn nevenyttig. Han er ein homofil og funksjonshemma akademikar som jobbar i kulturfeltet i hovudstaden.
Kven var far til Bjørn? Og kva skjedde då faren døydde? Tor mista først kontroll over venstre foten. For første gong gjekk faren like sakte som den haltande sonen, og ein annleis samtale mellom far og son starta.
Noko av det siste Tor gjorde, var eit stort byggeprosjekt. Han glasa inn verandaen, laga eit lyst og luftig rom for sol og glede.
I Far levde, og så var han død: ei bok om traktormekanikk, trekkspelmusikk, heimebrenning og umåla furu er ei forteljing om ein far som er ein heilt vanlig mann, og om liv og død
Bjørn Hatterud er frå Veldre i Ringsaker kommune. Han er kulturskribent, kunstkritikar, kurator og musikar.
Han har tidlegare gitt ut Mot normalt (2018), Mjøsa rundt med mor (2020) og Blokka på Bjerke (2023). I Mjøsa rundt med mor skildra Hatterud livet som homofil og funksjonshemma med bakgrunn i arbeidarklassen på bygda. Boka vann mange hjarte og fekk Kritikarprisen. Hatterud har også motteke Kritikarprisen, Bibliotekets litteraturpris og Fritt Ords Pris.
Arrangementet er gratis og ope for alle. Enkel servering.

