BUL OsloTradisjon tru inviterer vi til julegraut og i år er datoen onsdag 16. desember.
Også i år håpar vi å få til juleverkstad med enkle aktiviteter i Lagsromet i kjellaren. Det blir også quiz og kanskje kjem nissen på besøk.
Dørene opnar 17:30, og der blir servering av graut ca 18:00. Programmet er ferdig ca 19:30
Alle BUL medlemmer er inviterte og arrangementet er gratis, men du må melde deg på. Det gjer du i dette skjemaet. Er det stor pågang vil vi stenge påmeldinga. Meld deg difor på i god tid!


