Lastar Hendingar

« All Events

Event Series: Øving: Songlaget

Øving: Songlaget

27. november kl. 18:3022:00

Songlaget i Bondeungdomslaget (BUL) i Oslo, er eit blandakor med meir enn 50 songarar i ulike aldrar. Koret er eit av dei eldste særlaga i Bondeungdomslaget, og vart stifta i 1914. I 2024 feirar vi 110 år og er framleis eit aktivt amatørkor i Oslo.

Koret har eit godt sosialt miljø med songglade kvinner og menn. Ei spennande samling av folk med alle slags bakgrunnar og opphavsstader. Vi møtest til song kvar torsdag frå kl. 19.00 – 21.30 i Teatersalen i Nynorskens hus, i Rosenkrantz’ gate 8 i Oslo.

Ei av dei viktigaste målsetjingane våre er å ta vare på norske song- og musikktradisjonar, men vi har òg utanlandske folketonar og klassiske verk på repertoaret.

 

Har du lyst til å høyre og sjå oss på ei øving, er det berre å kome innom i Teatersalen i Rosenkrantzgate 8, eller send ein e-post til [email protected].

Detaljar

Dato
27. november
Tid:
18:30 – 22:00
Series:
Kategoriar:
,

Stad

Nynorskens hus
Rosenkrantz gt 8
Oslo,

Arrangør

Songlaget

Detaljar

Dato
27. november
Tid:
18:30 – 22:00
Series:
Kategoriar:
,

Stad

Nynorskens hus
Rosenkrantz gt 8
Oslo,

Arrangør

Songlaget