
5. -11. Desember kan du bli med guidane Anne og Nils saman med eit variert persongalleri og utforske Oslo og Noregs historie i Teaterlaget si juleframsyning Røter med Ruter.
Reggisør Ninja Benneche og Teaterfestival har saman laga det humoristiske teaterstykket Røter med Ruter. Her følger vi ei gruppe på guida tur gjennom Oslo. Guidane sender deltakarane med trikk og T-bane til ulike stader og statuar i byen for å fortelje historia om korleis eit rike blei til eit folk.
Men deltakarane har både innvendingar, tilleggsopplysingar og eigne liv som krev plass. Er det norske noko vi arvar, noko vi samlast om eller noko vi skaper saman?
Manus: Ninja Benneche og Teaterlaget
Regi: Ninja Benneche
Røter med ruter har premiere laurdag 5. desember, og blir vist til fredag 11. desember. Kjøp billettar på Ticetco. Framsyningar varer omlag 1 time.
I rollene
Anne: Vivian Brattsti Sørensen
Nils – Håvard Thorsby
Christian Frederik – Terje Svindseth
Signe – Lena Reknes Sanne
Rickard – Dag Kristian Dysthe
Oskar – Endre Flatmo
Målfrid – Fiona Aanesen
Jørghild – Marie Nicolaisen
Randi – Amalie Dalaker
Johannes – Emil Stanstad
Tarek – Ammar Banewais
Turid – Cecilia Hoel
Linn – Sunniva Vikøren
Framsyningar
Laurdag 5. desember 18:00
Sundag 6. desember 18:00
Måndag 7. desember 19:00
Onsdag 9. desember 19:00
Fredag 11. desember 19:00



