Sist avhaldne Hendingar

Øving: BULder og brak

Teatersalen, Nynorskens hus Rosenkrantz' gate 8, Oslo

BULder og Brak er ei gruppe med ivrige, unge hallingdansarar. Gruppa vart danna i 2009 og er eit lag under Leikarringen i BUL Oslo. Dansarane øver kvar tysdag ettermiddag kl. […]

Øving: Teaterlaget

Nynorskens hus Rosenkrantz gt 8, Oslo

Har du lyst til å vere med i Teaterlaget i BUL Oslo? Vi er for tida om lag 20 aktive medlemmar og øver kvar måndag i Rosenkrantz’ gate 8 (oftare rett før framsyningar). Vi jobbar med éin produksjon kvart semester (med framsyningar i mai/juni og i desember). Alle stykka blir spelt på nynorsk eller dialekt. […]

Ekstern: Oslo kammerorkester og Alfred Linus Wang

Teatersalen, Nynorskens hus Rosenkrantz' gate 8, Oslo

Oslo kammerorkester inviterer til konsert med den unge fiolinisten Alfred Linus Wang. Programmet inkluderer Dvořáks vidunderlege strykeserenade, Piazzollas forrykande versjon av Vinteren, Våren av Vivaldi og Grieg, og Tsjaikovskijs Elegie. Billettar kr 250,- i forhåndssalg på TicketCo eller i døra med Vipps. Sjå også Oslo kammerorkester for fleire detaljar. Arrangør Oslo kammerorkester