Event Series Korøving

Korøving

Nynorskens hus Rosenkrantz gt 8, Oslo

Songlaget i BUL møtest til song kvar torsdag kl. 19.00–21.30 i Teatersalen i Nynorskens hus, i Rosenkrantz’ gate 8 i Oslo.

Event Series TrøBUL

TrøBUL

Teatersalen, Nynorskens hus Rosenkrantz' gate 8, Oslo, Norge

På øvingane for TrøBUL er det fokus på pardans og gruppedansar for barn og ungdom. Om du kan tenkje deg å vere med kan du sende ein epost til [email protected] for å få vite meir!

Event Series BULder & Brak (halling)

BULder & Brak (halling)

Lagsrommet, Nynorskens hus Rosenkrantz' gate 8, Oslo, Norge

På øvingane for BULder og Brak øver gruppa mot små og store framsyningar. Som regel nyttar vi interne instruktører, men nokre gonger kjem det og inspirasjon utanfrå. Om du kan tenkje deg å vere med kan du sende ein epost til [email protected] for å få vite meir!

Øving: Senjapols / Polsdans frå Stangnes

Teatersalen, Nynorskens hus Rosenkrantz' gate 8, Oslo, Norge

Denne tysdagen skal vi prøve oss på ein nykommar i Leikarringen - vi har nemleg fått ekspertkompetanse frå Nord-Noreg. Johanna er både musikar og dansar, og no byr ho på artige krumspring frå Senja og Stangnes. Med seg har ho Hilde Fjerdingøy som musikar - ein musikar av dei sjeldne, som me elsker å danse […]