Høyringsinnspel til Oslo kommune sin nye kulturstrategi
Fredag 13. november var vi, saman med andre lag og organisasjonar i det frivillige kulturlivet, mangfalds- og inkluderingsfeltet og organisasjonar som jobbar med barn og unge, invitert til innspelsmøte i samband med Oslo kommune sin nye kulturstrategi. Vi har også sendt inn skriftleg innspel, som du kan lese under, i etterkant.
Målet er at strategien skal bidra til eit heilskapleg utvikling av kulturfeltet i Oslo. Arbeidet startar i 2026 og endelig strategi skal bli lagt fram i 2027. Kommunen oppmodar alle som ynskjer å kome med innspel til strategien
Innspel til Oslo kommune i samband med ny kulturstrategi frå Bondeungdomslaget i Oslo (BUL)
Bondeungdomslaget i Oslo (BUL) er ein frilynt og frivillig kultur- og idrettsorganisasjon knytt til paraplyorganisasjonane Noregs Ungdomslag og Noregs Mållag. Vi har idrettslag, leikarring, teater og kor. BUL vart stifta i 1899, og bygde i 1913 vårt eige hus, i Rosenkrantz’ gate 8, der vi også opna Hotell Bondeheimen, og som i dag også husar Kaffistova og Heimen Husfliden.
Vi kan oppsummera innspela våre i fem punkt
- Kulturfrivilligheita er ein berebjelke i byens kulturelle økosystem og må ha ein tydeleg plass i ein ny kulturstrategi og kulturpolitikken elles.
- Slik som i idretten, treng kulturlivet gode nok, og tilpassa lokale. Oslo kommune må styrkje tilgangen på øvings-, møte og framsyningslokale.
- Tilskots- og støtteordningar på kulturfeltet må støtte opp om heile livsløpet
- Kulturfrivilligheita bør brukast aktivt som samarbeidspartnar – som kulturaktørar, i kulturarbeid og som del av folkehelse og byutvikling.
- Vi bør skape fleire møteplassar der kulturfrivilligheita, det frie feltet, profesjonelle kulturinstitusjonar og kommunen kan møtast og utvikle kulturlivet saman.
BUL Oslo er ein del av byens frivillige kulturliv og har medlemmer frå heile Oslo. Det frivillige kulturlivet er ein viktig berebjelke i demokratiet og samfunnet, og er, som idretten, viktig for folkehelse, deltaking og fellesskap. Vi har ein medlemsmasse på 900 medlemmer frå 1–100 år, og kvar veke møtest tenåringar og pensjonistar for å drive idrett, danse, synge og spele teater saman. Dette er unike møte mellom både generasjonar, og kulturell og sosial bakgrunn. Det er eit godt døme på korleis kulturfrivilligheita skaper fellesskap, tilhøyrsle og inkludering – på tvers av generasjonar og bydelsgrenser.
Å møtast på denne måten, å bli kjent og skape noko saman er viktigare enn nokon gong i den polariserte verda vi lever i. I ei tid prega av auka einsemd og mindre deltaking i tradisjonelle fellesskap er kulturfrivilligheita ein viktig del av den sosiale infrastrukturen.
1. Det frivillige kultulivet er ein berebjelke i samfunnet
Kulturfrivilligheita skaper meir enn kulturaktivitet. Ho er ein viktig arena for demokratisk deltaking. Gjennom frivillige lag og organisasjonar får innbyggjarar erfaring med organisasjons- og styrearbeid, leiing, arrangementsgjennomføring og medverknad. Dette er kompetanse som kjem både arbeidslivet, lokalsamfunnet og demokratiet til gode.
Oslo har eit stort og mangfaldig kulturliv, med mange sterke og gode profesjonelle kulturaktørar som krev sitt. Vårt største ynskje i samband med strategien er at også kulturfrivilligheita får den plassen vi fortener.
I tillegg til å vere ein viktig møteplass, er kulturfrivilligheita ein vesentleg del av byens kulturelle kretsløp. Vi er med på å rekruttere framtidas kunstnarar, kulturarbeidarar og kulturpublikum, vi er ein arbeidsplass for mange i det frie feltet: instruktørar, musikarar og teknikarar. Medlemmer av det frivillige kulturlivet er også aktive brukarar av byens profesjonelle kulturliv og ein viktig del av publikumsgrunnlaget til kulturinstitusjonar og aktørar.
Dei aktive i det frivillige kulturlivet brenn for aktiviteten dei driv med, og betalar gjerne. Men for at aktiviteten skal fungere er det behov for noko grunnleggande og føreseielege rammer:
2. Behov for lokale
BUL er heldige, vi har gode kontor-, øvings- og framsyningslokale midt i Oslo sentrum.
Vi driv også med utleige av lokala våre og må gjennom året takke nei til frivillige og profesjonelle kulturaktørar som ynskjer å nytte lokala våre fordi vi prioriterer eigen aktivitet. Dette syner ei utfording med manglande lokale både til øvingar og framsyningar som gode nok, utan at dei et opp eit heilt årsbudsjett. Som i idretten, treng kultur eigna lokale. Dansarar treng eit godt golv, eit kor eit rom med god klang og akustikk, teatergrupper grunnleggande teknisk utstyr. Og for øvingar treng ein lokale over lengre tid.
Eit viktig mål i kulturstrategien må vere å sikre kulturfrivilligheita tilgang til eigna, føreseielege og økonomisk tilgjengelege lokale, både til øvingar, framsyningar, møte og eventuelt lagring. Dette kan også vere ein møteplass for kulturlivet på tvers av genre, og mellom profesjonelle og frivillige.
Frivillig eigde kulturhus representerer ein viktig ressurs for byen. Dei skaper aktivitet, fellesskap og kulturproduksjon året rundt, samstundes som dei ofte stiller lokale til disposisjon for andre aktørar. I arbeidet med den nye kulturstrategien bør kommunen sjå på korleis slike arenaer kan inngå som ein del av den samla kulturelle infrastrukturen i Oslo.
3. Tilskotsordningar for alle generasjonar
Vi er heldige ved å ha grunnfinansiering gjennom eigarskapen i forretningsdrifta vår og har difor ikkje det same behovet for drifts- og prosjektmidlar som mange andre.
Men når vi har hatt behov for støtte til prosjekt eller drift, har vi opplevd at vi fell vi mellom fleire stolar: Vi er tverrfaglege, vi er ikkje er ein profesjonell kulturaktør, vi er ikkje knytt til ein bydel eller har aktivitet særleg retta mot barn og unge.
Eit fokus på barn og unge er kjempeviktig, det kan vi alle vere einige om. Men barn og unge blir også vaksne. Mange av oss har råd til å delta i kulturaktivitet og oppleve kultur. Det gjeld derimot ikkje alle.
I tillegg til å styrke dei eksisterande stønadsordningane som er, oppmodar vi kommunen til å satse vidare på, og styrke prosjekt- og støtteordningar der vaksne, frivillige kulturaktørar kan passe inn. I tillegg å sjå på ordningar som kan støtte opp om alle generasjonar si deltaking i, og oppleving av, byens kulturliv.
4. Synlegheit og samarbeid
Ei utfordring for kulturfeltet er å nå publikum. Arrangement som Oslo kulturnatt er eit godt døme på eit lågterskelhøve til å oppleve, og bli kjent med byen sitt mangfaldige kulturliv.
For å gjere det mangfaldige kulturlivet meir synleg, oppmodar vi kommunen – i arbeidet med strategien – til å sjå på korleis de aktivt kan ta i bruk også det frivillige kulturlivet som del av eigne arrangement, markeringar og publikumsretta aktivitet. Kanskje viktigare, korleis det frivillige kulturlivet også kan involverast som medspelarar som del av utvikling av kulturlivet i Oslo. Mange frivillige kulturmiljø held eit høgt fagleg nivå og har verdifull kompetanse og erfaring.
5. Møteplassar utviklar kulturlivet
Møteplassar er viktige, for å bli kjent, dra nytte av kvarandre, drøfte utfordringar og løysingar. Kulturfrivilligheita og kulturlivet elles treng fleire faglege møteplassar både i, og på tvers av genrar. Årlege møte, nettverk, seminar, konferansar vil vere døme på gode tiltak der det frivillige, det frie feltet, kulturelle institusjonar og kommunen kan møtast for å utvikle kulturlivet.
Til slutt: Det frivillige kulturlivet er driven av engasjement og idealisme, men det kjem ikkje av seg sjølv. Det krev gode og føreseielege rammevilkår. Gevinsten er likevel stor: Det gjev meir kultur, eit auka fellesskap, god folkehelse og ein meir levande by.


