Hulda Garborg (1862–1934) blir heidra med blått skilt i Rosenkrantz’ gate 8, og det skal markerast.

Velkomne til eit kort kulturelt program på Kaffistova måndag 24. oktober kl. 18 (presis), før avduking ute. Skiltet blir avduka av Hulda Garborg-biograf Arnhild Skre. Servering etter programmet: kake og kaffi.

Tildelinga av blått skilt til Hulda Garborg skjedde på kvinnedagen 8. mars 2022, etter framlegg frå Bondeungdomslaget i Oslo og Venelaget til Det Norske Teatret. 12 kvinner vart heidra med skilt av Oslo Byes Vel, for å rette merksemda mot kvinner sine bragder. Skilta er betalte av Sparebankstiftelsen.

Hulda Garborg var ein pionér for aktiviteten i Bondeungdomslaget (BUL) i Oslo og ein av grunnleggjarane av Det Norske Teatret, som dei fyrste åra hadde scene i lokala til BUL. Både dei kulturelle lagsaktivitetane og forretningsverksemda BUL i Oslo driv i dag – gjennom Kaffistova, Hotell Bondeheimen og Heimen Husfliden – er i stor grad tufta på aktivitet og verdiar som ho var ein pådrivar for. Eit svært handfast merke etter Hulda Garborg er at bunad er blitt eit norsk festplagg