Hytter

Bondeungdomslaget i Oslo har to hytter, Røkleivhytta i Nordmarka og Bondehytta ved Ørfiske i Nittedal. Vi leiger ut begge hyttene til dei som er interessert.

Røkleivhytta

Røkleivhytta ligg vest for Tryvannshøgda i Nordmarka, og har vore lagshytte for Bondeungdomslaget i Oslo sidan 1916. Hytta er relativt stor, i to etasjar og med full kjellar. Det er sengeplass til 15–20 personar fordelt på tre soverom, i tillegg til eit loft med madrassar som er eigna overnatting for barn og vaksne som ikkje er så kresne. I storstova er det sitjeplassar til minst 40. I kjellaren er det bad med ein dusj, medan det er utedo i uthuset.

Røkleivhytta har innlagt straum og vatn og har både peis og vedomn.

Det er alkoholforbod i hytta og på heile tomta (inkludert uteområdet).

Å leige hytta på vekedagar kostar 1500 kr per natt, medan det kostar 3000 for ei helg, uavhengig om ein leiger hytta for ei eller to netter.

Medlemer av Bondeungdomslaget kan leige hytta for 150 kr per person per natt. I helgene er det noko dyrare, og prisen vil då avhenge av kor mange personar som skal overnatte.

Hytta er lett å kome til. Med T-bane tar du linje 1 til Lillevann stasjon, kryssar over sporet og fortsett nordover på vestsida av sporet langs vegen til parkeringsplassen ved enden av Røkleivfaret (5 min). Gå så tjue meter nedover ein grusveg før du tek til høgre inn i skogen. Fylg sommarmerka sti over den gamle skiløypa og vidare til du ser ei stor, mørkebrun hytte. Etter 10–20 minutt, avhengig av snømengder og fysisk form, kjem du til hytta. Det er om lag 600 meter å gå. Med bil kan du parkere ved enden av Røkleivfaret og så følgje same løype.

Les meir om Røkleivhytta her.

Bondehytta

Bondehytta ligg ved Ørfiske i Nittedal og har vore lagshytte for Bondeungdomslaget i Oslo sidan 1917. Ho blei truleg bygd så tidleg som på 1870-talet som jakthytte.  Hytta ligg idyllisk til som eit lite slott i lia nord for Ørfiske i Nittedal kommune, og her har lagsfolk i mange tiår kopla av frå stress og mas i byen. Det er flott turterreng og badevatn like ved hytta.

Hytta har fast sengeplass til om lag 20 personar, og fleire om ein ligg på flatseng i stova, eller i telt. Kjøkkenet er utstyrt med elektrisk komfyr, og det er servise til meir enn 30 personar. Hytta har straum og utedo. Vatn hentast frå den elektriske vassposten like utanfor døra.

Det er alkoholforbod i hytta og på heile tomta (inkludert uteområdet).

Å leige hytta på vekedagar kostar 1000 kr per natt, medan det kostar 2000 for ei helg, uavhengig om ein leiger hytta for ei eller to netter.

Medlemer av Bondeungdomslaget kan leige hytta for 30 kr per person per natt (15 kr for barn) og ikkje-medlemmer kan leige ho for 50 kr (25 kr for barn).

For å kome til hyttar er det lettast å ta tog frå Oslo til Movatn stasjon (tog i retning Hakadal, Roa eller Jaren). Frå stasjonen er det om lag 4 km å gå til Ørfiske. Følg skogsbilveg frå stasjonen som tar inn til venstre i den nordlege enden av stasjonen. Følg skilt mot Ørfiske i alle vegskilje.

Les meir om Bondehytta her.